Dorsetkulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den største utbreiinga av den seine Dorsetkulturen.

Dorsetkulturen er ei arkeologisk nemning på ei ikkje-inuittisk folkegruppe frå Grønland som truleg titulerte seg sjølv som sallirmiut, sadlermiut eller i følgje inuittisk folklore for turit. Folkegruppa døydde ut kring 1902. Moderne genetiske studiar viser at Dorset-folk skilde seg frå seinare folkegrupper i området, og det finst knapt noko prov på kulturell eller genetisk utveksling mellom Dorset- og Thule-folk.[1]

Dorsetkulturen var ein kultur som fanst i det arktiske Nord-Amerika før inuittkulturen. Iniuittiske legender nemner tunitt (eintal tuniq) eller sivullirmiut («Dei første innbyggarane»), som blei fordrivne av inuittane. Ifølgje mytane var dei «kjemper», eit folk som var høgare og sterkare enn inuittane, men som lett blei skremt av garde og trekte seg unna dei innkomande inuittane, som til slutt fortrengde dei.[2]

Historiske kulturar i arktiske Nord-Amerika.

Antropologen Diamond Jenness blei i 1925 gjeven nokre merkelege kulturgjenstandar frå Cape Dorset i dagens Nunavut som verka å ha kome frå ein oldtidskultur som var heilt ulik den inuittane representerte. Jenness gav kulturen namn etter staden der fortidsleivningane var funne, dorsetkulturen. Funna hans viste eit konsekvent og bestemt kulturelt mønster som inkluderte ein sofistikert kunst som skilde seg klart frå den til inuittane, og viste mellom anna ein unik lang hårfrisyre hjå kvinnene og hettelause anorakkar med enorme kragar brukt av begge kjønn.

Ein leiande ekspert innfor studiar av tunitt-/dorsetkulturen er Robert McGhee, som har skrive ei rekkje bøker om denne kulturen og overgangen til Thule-inuitt-kulturen.

Sadlermiutar[endre | endre wikiteksten]

I 1824 ankra det britiske skipet HMS «Griper», under kaptein George Francis Lyon, opp utanfor Cape PembrokeCoats Island i Hudsonbukta. Kvalfangarane oppdaga ei gruppe eskimoar som snakka ein «rar dialekt» og blei kalla for sadlermiut, som er ein moderne inuktitut-uttale for salliq

Sadlermiutane, som levde i nær isolasjon rundt Southampton Island, hadde ein kultur som skilde seg frå inuittane. Dei fortsette å ha kontakt med kvalfangarane og blei smitta av europeiske sjukdommar, som dei hadde liten motstand mot. I løpet av 1896 var det berre 70 gjenlevande. I løpet av våren 1902 vitja nokre av dei kvalskipet «Active», som hadde ankra opp utanfor Southampton Island. Også desse menneska blei smitta av ein sjukdom frå ein sjuk sjømann, kanskje tyfoidfeber eller tyfus. Innan nokre få veker døydde heile det vesle samfunnet ut.

I 1954 og 1955 studerte Henry B. Collins frå Smithsonian Institution ruinar frå bustader i det canadiske Arktis. Han meinte at desse ruinane hadde karakteristikkane til sadlermiut-kulturen som ein gong hadde vore svært omfattande. Han fann òg bevis for at sadlermiutene var dei siste overlevande frå dorsetkulturen.

Genetikk[endre | endre wikiteksten]

Ein studie frå 2002 hevda at mitokondrie-DNA (mtDNA) frå sadlermiutfolk tyda på at dei var i slekt med både Dorset- og Thule-folk, kanskje fordi folkegruppene hadde blanda seg lokalt.[3] Ein seinare genetisk analyse frå 2012 fann ikkje noko genetiske samband mellom sadlermiut- og dorsetfolk.[4]

Ein genetisk studie gjeven ut i Science i august 2014 tok for seg leivningane til nitten dorsetfolk gravlagde i Canada og på Grønland mellom ca. 170 f.Kr. og 1320. Ein klarte å ta ut seksten prøvar av mtDNA, og fann at dei høyrde til haplogruppe D2a1 (tolv prøvar), D2a (tre prøvar) og D.[5] Desse haplogruppene er også utbreidde i den føregåande Saqqaqkulturen, noko som tyder på genetisk kontinuitet mellom desse gruppene. Forfattarane av studien føreslo at stamfedrane til Saqqaq- og Dorsetkulturen kom til Nord-Amerika frå Sibir i ein einskild migrasjon kring 4000 f.Kr., og deretter for det meste var genetisk isolerte i fleire tusen år.[6] Dorsetfolka var genetisk skilde frå Thulefolk, som også vandra inn frå Sibir, og hadde erstatta Dorsetfolk fullstendig rundt 1300.[6] Studien fann heller ingen prov på genetisk blanding mellom Dorsetfolk og norrøne folk på Grønland.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dorset DNA: Genes Trace the Tale of the Arctic's Long-Gone 'Hobbits'». NBC News. 28. august 2014. 
  2. «When science meets aboriginal oral history», thestar.com (på engelsk), 31. august 2014, henta 3. oktober 2022 
  3. «Arctic Studies Center Newsletter» (PDF). National Museum of Natural History. Smithsonian Institution. Juni 2002. s. 34. Arkivert frå originalen (PDF) 25. desember 2015. Henta 13. oktober 2008. 
  4. Park, Robert W. (29. august 2014). «Stories of Arctic colonization». Science 345 (6200): 1004–1005. PMID 25170138. doi:10.1126/science.1258607. Henta 8. august 2015. 
  5. Raghavan et al. 2014, Supplementary Materials, p. 109, Table S1.
  6. 6,0 6,1 6,2 Raghavan et al. 2014, s. 1.
Bibliografi