Tungerygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dorsum)
Hopp til navigering Hopp til søk
Artikulasjonsstader i munnen og svelget. 13: tungerota/radix, 14 og 15: tungeryggen/dorsum, 16: tungebladet/lamina, 17: tungespissen/apex, 18: sublamina

Tungeryggen eller dorsum er den fonetiske nemninga på den delen av oversida av tunga som ligg mellom tungebladet (eller lamina) og tungerota (eller radix) - jamfør teikninga til venstre, der tungeryggen ligg ved tala 14 og 15. Ein skil til dels mellom ein bakre del av tungeryggen, posterodorsum (ved talet 14) og ein fremre del, praedorsum (ved talet 15), og til dels ein del mellom desse to, mediodorsum.

I norsk nyttar ein tungeryggen mellom anna under artikulasjonen av fonema /k/, /g/, /ŋ/ og /ç/. Tungeryggen spelar òg ei viktig rolle i beskrivinga av vokalar, jamfør vokalfirkanten.