Dosse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dosse
elv
Glinze1.JPG
Dosse si sideelv Glinze nær Wittstock
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Nedslagsfelt 1 268 km²
Lengd 94 km
Kjelde Mellom Mecklenburg-Vorpommern og Brandenburg
Munning Havel
Wikimedia Commons: Dosse

Dosse er ei elv i Brandenburg i Tyskland og ei av sideelvane til Havel frå høgre med ei lengd på 94 km. Ho har sitt utspring ved grensa mellom Mecklenburg-Vorpommern og Brandenburg frå tre små elvar som renn saman etter 4 km. Ho renn hovudsakleg sørover, gjennom Wittstock, Wusterhausen og Neustadt an der Dosse, før ho munnar ut i Havel nær Havelberg. Det totale nedslagsfeltet er 1 268 km².

Med byen Wittstock langs breidda var Dosse åstad for slaget ved Wittstock i 1636 mellom Sverige og ein allianse mellom Sachsen og Det tysk-romerske riket under trettiårskrigen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]