Dotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fotografi frå 1931 som viser fire generasjonar mødrer og døtrer.

Dotter er kvinneleg avkom, ei jente eller kvinne i høve til foreldra sine. Det svarer til son for menn. Nemninga blir òg brukt analogisk i fleire felt, for å visa tilhøve mellom grupper eller bestanddelar (til dømes dottercelle og dotterselskap).

I patriarkalske samfunn har ofte døtrer ulike eller mindre familierettar enn søner. I fleire førindustrialiserte samfunn, og nokre eksisterande samfunn, kan ein familie ofte føretrekka å få søner framfor døtrer, og nokre stader har ein derfor utført spedbarnsdrap på jenter.[1]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Ordet «dotter» er nærskyldt med norrønt dóttir. Bokmål «datter» er truleg eit lånord frå dansk. Den norrøne forma er avleidd av germansk *duhtér, igjen frå indoeuropeisk *dhughəter-.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stein, Dorothy: Burning widows, burning brides: The perils of daughterhood in India. Pacific Affairs, volum 61, nr. 3, s. 465. University of British Columbia.
  2. de Caprona, Yann: Norsk etymologisk ordbok, s. 32–33. Kagge Forlag (2014).