Double Vision av Foreigner
Double Vision Studioalbum av Foreigner | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. juni 1978 | |
Innspelt | Desember 1977 - mars 1978 | |
Studio | Sound City (Van Nuys, CA). | |
Sjanger | ||
Lengd | 37:55 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | ||
Foreigner-kronologi | ||
---|---|---|
Foreigner av Foreigner (1977) |
Double Vision | Head Games (1979)
|
Singlar frå Double Vision | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C–[2] |
Rolling Stone | [3] |
Double Vision er det andre studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut 20. juni 1978 på Atlantic Records. Det vart spelt inn mellom desember 1977 og mars 1978 og var det einaste Foreigner-albumet som vart produsert av Keith Olsen og det siste spelt inn med bassisten Ed Gagliardi, som sidan vart erstatta av Rick Wills.
Double Vision var det første i ei rekkje innspelingar der talentspeidaren John Kalodner hadde namnet sitt oppført to gonger i plateomslaget, som eit ordspel på albumtittelen. «John Kalodner: John Kalodner» oppstod då produsenten Olsen lurte på korleis han skulle kredittere Kalodner på albumet. Gitaristen Mick Jones kom opp med ideen om å skrive namnet to gonger.[4]
«Tramontane» er det einaste instrumentale sporet Foreginer har gjeve ut på eit studioalbum til no.
Mick Jones syng solovokal på «Back Where You Belong» og «I Have Waited So Long».
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Albumet nådde tredjeplassen på Billboard 200-lista i USA[5] og selde til platinaplate berre ei veke etter det kom ut. Det har til i dag fått sju gonger platinaplate for eit sal på like over sju millionar eksemplar i USA og i lag med samleplata Records (1982) er det rekna som det bestseljande albumet til Foreigner. I Europa nådde derimot Double Vision berre topp 40 i Stobritannia.[6]
Den første singelen var «Hot Blooded», og kom ut i juni 1978. Singelen nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista. I september vart han følgd opp av «Double Vision», som nådde andreplassen på lista. Det var den høgaste plasseringa Foreigner hadde hatt til då. Den tredje og singelen, «Blue Morning, Blue Day», kom ut i desember og nådde 15. plassen på lista.[7]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Hot Blooded» | 4:28 |
2. | «Blue Morning, Blue Day» | 3:12 |
3. | «You're All I Am» | 3:24 |
4. | «Back Where You Belong» | 3:14 |
5. | «Love Has Taken Its Toll» | 3:29 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Double Vision» | 3:44 |
7. | «Tramontane» (instrumental) | 3:56 |
8. | «I Have Waited So Long» | 4:07 |
9. | «Lonely Children» | 3:37 |
10. | «Spellbinder» | 4:45 |
Total lengd: | 37:55 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Hot Blooded» (live) | 6:58 | |
12. | «Love Maker» (live) | Betty Wright, Clarence Reid, Willie Clarke | 6:49 |
Total lengd: | 52:01 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Foreigner
[endre | endre wikiteksten]- Lou Gramm – solovokal
- Mick Jones – sologitar, akustisk piano, solovokal (4, 8)
- Ian McDonald – gitar, klaverinstrument, blåseinstrument, vokal
- Al Greenwood – klaverinstrument
- Ed Gagliardi – bass, vokal
- Dennis Elliott – trommer
Andre medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Ian Lloyd – korvokal
- David Paich – strykearrangement
Produksjon
[endre | endre wikiteksten]- Produsentar – Mick Jones, Ian McDonald og Keith Olsen.
- Lydteknikarar – David De Vore og Keith Olsen
- Miksing – Jimmy Douglass, Mick Jones og Ian McDonald.
- Mastering - George Marino i Sterling Sound (New York, NY).
- Teknikarar – Troby Laidlaw, Randy Mason, Mac McCollum og Michael McConnell.
- Design og fotografi – Norman Seeff
- Management – Bud Prager i E.S.P. Inc.
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1978) | Plassering |
---|---|
Canada Top Albums/CDs (RPM)[8] | 3 |
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[9] | 32 |
Britiske album (OCC)[6] | 32 |
US Billboard 200[5] | 3 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Double Vision (Foreigner album)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hinds, Andy. Double Vision av Foreigner på Allmusic. Henta 18. mai 2020.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: F». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Evans, Paul (2004). «Foreigner». The New Rolling Stone Album Guide (Completely Revised and Updated 4th utg.). New York: Fireside. s. 307. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Fishman, Laurie. «Biography : John Kalodner». John Kalodner.com. Henta 18. mai 2020.
- ↑ 5,0 5,1 "Foreigner Album & Song Chart History" Billboard 200 for Foreigner. Prometheus Global Media. Henta 18. mai 2020.
- ↑ 6,0 6,1 "{{{date}}} Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 18. mai 2020.
- ↑ «Foreigner – Chart history». Billboard Hot 100 for Foreigner. Henta 18. mai 2020.
- ↑ "Top RPM Albums: Nummer 4650a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 18. mai 2020.
- ↑ "Foreigner – Double Vision". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 18. mai 2020.