Doug Kershaw

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Doug Kershaw
Dougkershaw.jpg
Doug Kershaw spelar fele i 2009 på Festivals Acadiens et Créoles.
Fødd24. januar 1936 (83 år)[1][2]
FødestadTiel Ridge i Cameron Parish i Louisiana i USA[1][2]
FødenamnDouglas James Kershaw
OpphavUSA
Aktiv1948 til i dag
SjangerCajunmusikk, country, folk
InstrumentFele, cajun-trekkspel
Verka somMusikar, låtskrivar

Douglas James «Doug» Kershaw (fødd 24. januar 1936)[1][2] er ein amerikansk felespelar, songar og låtskrivar frå Louisiana. Han har vore aktiv sidan 1948 og spelt inn femten album med fleire hittar på Hot Country Songs-lista.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kershaw var det sjuande barnet til ein alligatorjegar og voks opp i ein heim der ein talte cajunfransk, og lærte seg ikkje engelsk før han var åtte år gammal. På den tida spelte han alt fele, som han hadde byrja med då han var fem. Han lærte seg å spele i alt 28 forskjellige instrument. Den første konserten hans var på ein lokal bar, the Bucket of Blood, der han vart akkompagnert av mora på gitar. Etter han hadde lært opp broren Rusty til å spele gitar, danna han eit band, the Continental Playboys, med Rusty og den eldre broren Peewee i 1948.

Dei song først på fransk, men J.D. Miller, som eigde plateselskapet Feature, overtalte dei til å ta inn songar på engelsk i repertoaret. Då Peewee slutta i gruppa tidleg i 1950-åra, fortsette Doug og Rusty som ein duo. Dei bygde seg raskt eit solid rykte for sine energiske konsertar med cajun two-step og countryballadar. I 1955 spelte dei inn den første singelen sin, «So Lovely, Baby». Han kom ut på Hickory og nådde topp 5 på countrylista i august 1955. Kort tid etter vart dei invitert til å bli med på Louisiana Hayride, eit populært radioshow frå Shreveport i Louisiana. I 1957 spelte dei inn countryhitten «Love Me to Pieces». Dei vart medlemmar av Grand Ole Opry året etter. Trass i musikkarrieren, gjekk Doug inn på McNeese State University og tok ein grad i matematikk. På toppen av den tidlege karrieren sin, i 1958, valte Doug og Rusty begge å avtene militærtenesta si i hæren, der dei var i tre år. Dei fortsette der dei slapp i februar 1961 og spelte inn «Louisiana Man», ein song Doug hadde skrive medan han var i hæren. Songen vart ein stor hit på countrylista og er sidan blitt spelt inn av meir enn 800 artistar. Oppfølgjaren «Diggy Diggy Lo», gjorde det nesten like bra på countrylista. Då debutalbumet deira, Rusty and Doug, kom ut i juli 1964 hadde Kershaw-brørne valt å gå kvart til sitt.

7. juni 1969 spelte Kershaw på The Johnny Cash Show og nådde ut til eit stort publikum, noko som førte til at han fekk kontrakt med Warner Brothers/Seven Arts. To månadar seinare vart den sjølvbiografiske songen til Kershaw, «Louisiana Man», den første songen som vart sendt attende til jorda frå månen av astronautar på Apollo 12. Han avslutta året med å varme opp for Eric Clapton og Derek & the Dominos ved Fillmore East i New York City. Sjølv om et verka som om Kershaw hadde kome ut av ingenting, hadde han alt selt 18 millionar plater frå tidlegare i 60-åra i lag med broren.

Det tok tre år til før Doug fekk låtskrivarkontrakt med BMI. Trass i suksessen med solokarriera, var Kershaw plaga av depresjon og sorg. Faren tok sjølvmord då han var berre sju år gammal. Fram til 1984 kjempa Kershaw med alkhol- og dopmisbruk og vart kjend for den eksentriske måten å vere på. Han fortsette å spele utover i 1970-åra, men albuma hans klarte ikkje å gjenta suksessen frå 1960-åra. I 1981 fekk Kershaw igjen ein stor hit med «Hello Woman», som nådde topp 40 på countrylista. I 1988 spelte han inn ein duett, «Cajun Baby», med Hank Williams jr., som nådde topp 50 på countrylista.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplassering Selskap
US Country CAN
1969 The Cajun Way Warner Bros.
1970 Spanish Moss 86
1971 Doug Kershaw
1972 Swamp Grass
Devil's Elbow[3]
1973 Douglas James Kershaw
1974 Mama Kershaw's Boy 14
1975 Alive & Pickin' 32
1976 Ragin' Cajun 44
1977 Flip, Flop & Fly 47
1978 The Louisiana Man
1979 Louisiana Cajun Country Starfire
1981 Instant Hero Scotti Bros.
1989 Hot Diggidy Doug BGM
The Best of Doug Kershaw Warner Bros.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Listeplassering Album
US Country CAN Country
1969 "Feed It to the Fish" The Cajun Way
«Diggy Diggy Lo» 70 1
1970 «Orange Blossom Special» 9 Spanish Moss
"Natural Man" Doug Kershaw
1971 "Play, Fiddle, Play"
"Mama Said Yeah"
1972 "My Sally Jo" Devil's Elbow
"The Devil's Elbow"
1974 "Mama's Got the Know How" 77 83 Mama Kershaw's Boy
"Nickel in My Pocket"
"All You Want to Do Is Make Kids" single only
1976 "It Takes All Day to Get Over Night" 76 Ragin' Cajun
"House Husband"
1977 "I'm Walkin'" 96 Flip, Flop & Fly
"You Won't Let Me"
1978 "Marie" The Louisiana Man
"Louisiana Sun"
1981 "Hello Woman" 29 Instant Hero
"Instant Hero"
1982 "General Lee" singles only
"Keep Between the Ditches"
1988 "Cajun Baby" (with Hank Williams, Jr.) 52 Hot Diggidy Doug
1989 "Boogie Queen" 66

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Simmons, Michael (March 1, 2003). «Doug Kershaw: The "Real Deal" in Cajun Fiddle». Fiddle.com. Henta 3. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 McCall, Michael; Paxman, Bob (2012). The Encyclopedia of Country Music. Oxford University Press. s. 263. ISBN 978-0195395631. 
  3. Phil Hardy, Dave Laing Da Capo companion to twentieth-century popular music 1995– Page 510 "Doug Kershaw's demonic instrumental style, however, made him much in demand for recording sessions. ... Swamp Grass (1972) had a heavy-rock emphasis while Devil's Elbow swung towards psychedelic music and Douglas James Kershaw ..."

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]