Doug Stegmeyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Doug Stegmeyer
Fødd23. desember 1951(1951-12-23)
FødestadFlushing i New York
Død25. august 1995 (43 år)
DødsstadSmithtown
FødenamnDouglas Alan Stegmeyer
OpphavUSA
Aktiv1966–1995
SjangerRock, pop
InstrumentBass, vokal
PlateselskapColumbia
Verka somMusikar, produsent

Douglas Alan «Doug» Stegmeyer (23. desember 195125. august 1995) var ein amerikansk musikar som er mest kjend som bassist og korvokalist for Billy Joel.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Doug Stegmeyer møtte Russell Javors på skulen og 15 år gammal spelde dei songar med barndomsvenen Liberty DeVitto. Dei slo seg saman med Howard Emerson og danna bandet Topper.

I lag spelte dei songar som Javors skreiv. Billy Joel la merke til Topper og då Joel trengde ein bassist for Streetlife Serenade-turneen, vart Stegmeyer henta inn i bandet til Joel. Stegmeyer tilrådde Joel til å hente inn Emerson,[1] Javors og DeVitto for albumet Turnstiles og den påfølgjande turneen. Stegmeyer vart ein del av kjernen i bandet til Billy Joel, og spelte bass på alle studioalbuma frå Turnstiles til The Bridge og konsertalbuma Songs in the Attic og КОНЦЕРТ. I denne perioden vart Stegmeyer kalla «Sersjanten i The Billy Joel Band."[2]

Stegmeyer spelte òg bass for Debbie Gibson og Hall & Oates.

Stegmeyer døydde 25. august 1995 i heimen sin på Long Island då han skaut seg sjølv.[3][4]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Alle albuma er med Billy Joel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]