Doug Yule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Doug Yule

Yule i 2009
Fødd25. februar 1947 (77 år)
FødestadMineola i New York i USA
FødenamnDouglas Alan Yule
OpphavUSA
Aktiv
  • 1965–1977
  • sidan 1997
Sjanger
Instrument
  • bassgitar
  • vokal
  • klaverinstrument
  • guitar
Tilknytte artistar
Verka som
  • Musikar
  • låtskrivar

Douglas Alan Yule (fødd 25. februar 1947) er ein USA-amerikansk musikar og songar, mest kjend som medlem av The Velvet Underground frå 1968 til 1973.

John Cale fekk sparken i The Velvet Underground av Lou Reed i 1968, kom Yule inn i bandet. Broren til Yule, Billy, var òg med i bandet ei stund då den faste trommisen Maureen Tucker vart gravid. Lou Reed slutta i The Velvet Underground i august 1970, og Yule valde å halde fram i lag med resten av bandet. Han tok då over på solovokal. Seint i 1972 slutta resten av bandet og Yule vart det einaste medlemmet som var att. Han fekk med seg studiomusikarar og spelte inn albumet Squeeze seint i 1972. Det kom ut i 1973 og var i røynda eit soloalbum av Yule. Bandet vart oppløyst kort tid etter.

I 1974 spelte Yule med Reed att, då han spelte bass på soloalbumet Sally Can't Dance (1974). og Coney Island Baby i 1975.

Yule spelte òg med Elliott Murphy, og vart med i bandet American Flyer som trommeslagar og korsongar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med The Velvet Underground[endre | endre wikiteksten]

Med Lou Reed[endre | endre wikiteksten]

Med American Flyer[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Med RedDog[endre | endre wikiteksten]

  • Hard Times (2009)
  • Nine-Tail Cat (2011)

Andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]