Dovendyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dovendyr


Eit brunstrupedovendyr
Eit brunstrupedovendyr

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Pilosa
Underorden: Folivora Delsuc et al, 2001
Familiar

Dovendyr (Folivora) er nattaktive pattedyr i ordenen gomlarar som høyrer heime i urskogane i Sør- og Mellom-Amerika. Dei er i nær slekt med maurslukarar og beltedyr, men liknar ikkje i utsjånad.

Underordenen dovendyr omfattar 16 nolevande artar som er fordelte på to familiar, tofingra dovendyr (Megalonychidae) og trefingra dovendyr (Bradypodidae). Dessutan fanst det fleire kjempedovendyr som i dag er utdøydde.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dovendyra vert 58–70 cm lange og veg 4–9 kg. Dei har ein lang hals med eit lite, rundt hovud med små auge. Øyra ligg skjult i den tette pelsen. Dei er tredyr som kryp seint fram langs greinene, hengande etter klørne med ryggen ned, og dei lever av unge skot, blad og frukter På bakken rører dovendyr seg dårleg.

Framlemmene er lenger enn dei bakre, og dette er særleg tydeleg hjå dei trefingra dovendyra. Som namna på familiane viser til, skil dei seg frå kvarandre gjennom ulikt tal på fingrar. På baklemmene har alle dovendyr tre tær. Dei 8–10 cm lange klørne er krokforma, slik at dei kan hengje seg fast opp-ned i høge tre.[1] Pelsen til dovendyra, som omfattar tørre, grove dekkhår over korte ullhår, veks frå magen mot ryggen, slik at regnvatn lettare renn av. Halen er berre ein liten stump eller ikkje synleg.

I motsetnad til andre pattedyr har trefingra dovendyr ni halsvirvlar i staden for sju. Dermed kan dei snu hovudet opp til 270°. Dovendyr har ikkje galleblære.

Amerikanske kjempedovendyr, mellom anna i slektene Megatherium og Megalonyx, som døydde ut for om lag 10 000 år sidan vart nesten like store som elefantane er i dag. Dei levde på bakken og var planteetarar. Moglegvis vart dei jaga og utrydda av dei fyrste menneska som busette seg på det amerikanske kontinentet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

The New Encyclopedia of Mammals av D. McDonald (Oxford University Press, 2001).

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. McDonald 2001, s. 792.