Hopp til innhald

Figueroa Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dovizio Rock)
Figueroa Point
nes
Land  Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Del av Sør-Shetlandsøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°26′42.1″S 59°43′26.4″W / 62.445028°S 59.724000°W / -62.445028; -59.724000
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Figueroa Point
62°26′42″S 59°43′26″W / 62.445028°S 59.724°W / -62.445028; -59.724
Plasseringa til Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane.
Figueroa Point is located in Antarktis
Figueroa Point (Antarktis)

Figueroa Point er eit isfritt nes heilt nordaust på Greenwich Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis på søraustsida av innløpet til Galápagos Cove. Dovizio Rock (62°26′37.2″S 59°43′17.7″W / 62.443667°S 59.721583°W / -62.443667; -59.721583) ligg 190 meter mot nordaust, Ibar Rocks (62°26′54.9″S 59°42′33″W / 62.448583°S 59.70917°W / -62.448583; -59.70917) ligg 860 meter mot søraust, Bonert Rock 62°27′01,8″S 59°42′58.3″W / 62.45000°S 59.716194°W / -62.45000; -59.716194 ligg 730 meter i sør-søraust og Rosales Rocks 62°26′57.5″S 59°43′16.4″W / 62.449306°S 59.721222°W / -62.449306; -59.721222 ligg 500 meter sør for Figueroa Point. Området vart vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar.

Neset er kalla opp etter løytnant Emiliano Figueroa González, som var navigatør ombord på transportskipet «Angamos» under Den chilenske antarktisekspedisjonen i 1950-51. Skjera harnamn etter sersjant Dovizio, som var med på Den chilenske antarktisekspedisjonen 1948-49, andreløystnant Mario Ibar, som leia marinesoldatane på fregatten «Iquique» under Den chilenske antarktisekspedisjonen 1946-47, kaptein Federico Bonert, som var andreoffiser ved transportskipet «Angamos» under Den chilenske antarktisekspedisjonen 1950-51, og sersjant Rosales, som var koparsmed på «Iquique» under Den chilenske antarktisekspedisjonen 1947.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]