Dovrefjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dovrefjell
fjellområde
Dovrefjell.jpg
Dovrefjell, med Fokstua nærast og Snøhetta i det fjerne
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland, Møre og Romsdal, Trøndelag
Høgd Snøhetta: 2 286 moh.
Wikimedia Commons: Dovre (mountain range)
Snøhetta, høgste fjelltoppen på Dovrefjell
Dovrefjell på seinhausten 1986.
Foto: Leif Knutsen
Moskus er eit av dyra ein kan finn på Dovrefjell.

Dovrefjell er eit fjellområde som dannar ein barriere mellom det sørlege Noreg og Trøndelag. Det ligg nord for Lesjadalføret i Nord-Gudbrandsdalen. Elva Jora er rekna som den vestlege grensa, Driva og Innset dannar grense i nord og Grimsdalen og Savalen i aust. Området innanfor desse grensene utgjer kring 4500 km².[1]

Dovrefjell er rekna som eit norsk nasjonalsymbol. Staden er kjend for å vera del av den såkalla Eidsvoll-eiden frå 1814: «Enige og tro inntil Dovre faller[2]

I 2002 vart tidlegare Dovrefjell nasjonalpark (oppretta 1974 - 265 km²) kraftig utvida ved opprettinga av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark på 1693 km². Vernestatusen til området er med på å ta vare på ein storslagen natur og eit uvanleg rikt plante- og dyreliv. Vestleg del er prega av steile fjell der Snøhetta ragar høgast (2286 moh.). I aust er berggrunnen kalkrik, og her finst Nord-Europa sitt rikaste plantefjell med sjeldne artar som norsk malurt og dovrevalmue. Moskusdyra er eit anna særmerke for Dovrefjell. Rein finst òg. Det er store uttak av skifer i området, og ei tidlegare gullgruve (nedlagd på slutten av 1700-talet).

Berggrunn og landskapsformer[endre | endre wikiteksten]

Dovrefjell er sett saman av to bergartskompleks: Prekambrisk gneis og folierte granitt i vest og granitt-tonalitt i aust.

Fjellområdet ligg på vasskiljet mellom Vestlandet og områda mot Sverige. Djupe dalar skjer seg ned i berggrunnen, og spesielt mot vest er dalane bratte. Landskapet er utforma etter siste istid. Morenar, eskerar og agoradalar er andre spor etter siste istid.

Botanikk[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Drivdalen, Snøhetta og Hjerkinn er spanande botaniske område. Dei tre Knutshøene er særleg rike på sjeldne fjellplanter. Desse vart freda alt i 1905 etter at mange botanikarar nærast hadde rasert Knutshøene. I 1911 vart 50 planter freda på Dovrefjell.

Drivdalen[endre | endre wikiteksten]

Drivdalen består av laus skifer og er rik på kalk. Her finst mange sjeldne planter.

Fokstumyrane[endre | endre wikiteksten]

Fokstumyrane er fyrst og fremst kjende for eit unikt fugleliv, men her veks òg mange ulike orkidéar, i tillegg til åkerbær i rikt mon.

Fokstumyrane var godt kjende alt på midten av 1800-talet. Området trekte til seg samlarar frå heile Europa og i 1917 var det mindre enn 20 hekkande fuglearter att på myrane, Brushanen var òg borte. I 1923 vart fulgelivet på Fokstumyrane freda. I 1969 vart fredinga endå strengare og dette har gjeve resultat. Både myrhauk og brushane er komne attende, til liks med mange andre arter.

Knutshøene[endre | endre wikiteksten]

Knutshøene vert rekna som det rikaste plantefjellet i Nord-Europa. Her er mange sjeldne fjellplanter vanlege. Det er få fjellplanter som ikkje finst der. Nokre planter har fått namn etter staden dei veks på, som dovreløvetann, knutsørapp og dovrevalmue. Norsk malurt og høgfjellsklokke finst òg på Knutshøene. Knutshøene ligg like ved Kongsvold Fjeldstue.

Forstmann J. B. Barth gav ut eit hefte om plantene på Knutshøene i 1880: «Knudshø eller Fjeldfloraen»

Hjerkinhø[endre | endre wikiteksten]

Hjerkinhø har òg et rikt planteliv. Området er freda som landskapsvernområde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sletbak, Nils (1977). Fjellstuene på Dovrefjell. Oslo: Samlaget. ISBN 8252107192. 
  2. «Hvem vil være enige og tro på Dovrefjell?». utmark.org. Arkivert frå originalen 29. august 2006.