Doyleitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Doyleitt er eit sjeldan mineral skildra i 1985 frå Canada. Det er eit aluminiumhydroksid, Al(OH)3, med triklin symmetri. Det er polymorft med bayeritt, gibbsitt og nordstranditt.

Det er kalla opp etter E. J. Doyle som først fann mineralet.

Det er i Noreg funne i druser i ekeritt ved Gjerdingselva i Nordmarka ved Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Doyleitt. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/doyleitt.