Drøbak-Frogn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Drøbak/Frogn)
Drøbak-Frogn
Fullt namnDrøbak-Frogn Idrettslag
KallenamnDFI
Grunnlagd1918
Heimebane
(kapasitet: 2 000)
StyreleiarHelge Måseidvåg
HovudtrenarEven Ødegaard og André Bergdølmo
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Drøbak-Frogn Idrettslag (stifta 1918) er eit idrettslag frå Drøbak i Akershus. Laget var fleire gonger nær ved opprykk til eliteserien1980-talet og tidleg på 1990-talet, men lukkast aldri. Nærast var dei i 1986 og 1992 då dei spelte kvalifisering for spel i eliteserien.

Klubben spelar denne sesongen i [[2024|]].

Drøbak-Frogns erkerivalar er Follo og Moss. Etter at Nesodden IF stakk av med store delar av spelarane og trenarane til DFI i 2010, i tillegg til å spele i ein divisjon høgare, har ført til eit anspent forhold mellom laga. Nesodden har derfor òg blitt ein av Drøbak Frogn sine erkerivalar. Drøbak-Frogn innehar òg rekorden for talet på opprykk i påfølgjande sesongar i Noreg, tre på rad, der det fjerde året enda med kvalifikasjonsspel for Tippeligaen.

Drøbak-Frogn Idrettslag vart danna 6. april 1946 som ei samanslåing av Drøbak Idrettsforening (stifta 25. oktober 1918), Drøbak Ballklubb (stifta 3. august 1920) og Frogn Idrettslag (stifta 17. januar 1934).

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

2007-sesongen[endre | endre wikiteksten]

I 2007-sesongen kjempa DFI godt og var lenge med i kampen om opprykk til Adeccoligaen, men i ein av sine siste seriekampar møtte Drøbak-Frogn rivalane Follo, og tapte 2-3 og var dermed ute av kampen om opprykk. Under kampen fekk DFI to straffar, men sette den eine rett på Follos keeper og den andre eit stykke over tverrliggaren. DFI enda til slutt på tredjeplass, fire poeng bak Alta. DFI kom til tredje runde i cupen denne sesongen der dei møtte Viking FK på heimebane. Til saman 1136 tilskodarar såg kampen. I det 25. minutt skåra Pimpong for Viking, kampen enda 2-0 til Viking.

2008-sesongen[endre | endre wikiteksten]

I 2008-sesongen spelte DFI i 2. divisjon avd. 1 saman med rivalane sine Follo, og var igjen lenge med i kampen om opprykk til Adeccoligaen, men nok ein gong rakna det delvis for laget mot slutten av sesongen. Dei siste kampane vart kampar som skulle avgjere kva plass blant dei topp fem dei skulle ende på. Dei enda til slutt på femteplass, rett føre rivalane Follo. I cupen tapte dei i første runde mot Korsvoll heime på Seiersten stadion. Det mest positive denne sesongen var at DFI sitt rekruttlag rykte opp frå 4. divisjon til 3. divisjon.

2009-sesongen[endre | endre wikiteksten]

DFI's A-lag spelte i 2. divisjon avd. 2 i sesongen 2009, mens rekruttlaget spelte i 3. divisjon Østfold, etter to opprykk på rad (5. div. – 3. div).

DFI var optimistiske føre 2009-sesongen, og satsa på opprykk til Adeccoligaen. Men DFI innfridde ikkje forventningane, og etter ein turbulent sesong vart det tilslutt nedrykk for badeby-klubben. Leiinga avgjorde å frita Espen Haug frå oppgåvene sine som A-lagstrenar 18. juni 2009 grunna dårlege resultat.

Mellombels erstattar vart DFI-spelaren Stian Birkeland og den tidlegare DFI-spelaren Knut Norem. Simen Rak Haugen, Espen Frøystveit forlèt laget i protest på grunn av måten Espen Haug hadde blitt handsama under heile prosessen. Tim Strøm Pedersen var òg usamd i dette, og han valde og dra på utlån til Skeid Fotball. Håvard Lunde steppa inn som mellombels hovudtrenar for klubben på slutten av sesongen, før Frode Birkeland vart tilsett som ny hovudtrenar i oktober 2009.

2010-sesongen[endre | endre wikiteksten]

Etter dårlege resultat og nedrykk til 3. div. var det naudsynt med ei opprydding i spelarstallen for 2010. Frode Birkeland hadde berre tre spelarar igjen frå fjoråret. Med nytt lag starta sesongen ujamnt bl.a. med tap i første kampen men utover i vårsesongen spelte laget seg opp var på tredjeplass etter halvspelt sesong. DFI enda til slutt på tredjeplass i serien.

2011-sesongen[endre | endre wikiteksten]

Sesongen vart brukt til oppbygning av eit nytt lag. Mange unge eigenutvikla spelarar fekk debutere denne sesongen. Likevel kjempa laga lenge om opprykk men måtte sleppe taket etter eit tap mot Frigg 2 og såleis utan høve til å gå forbi Østsiden i siste kamp, som då rykte opp. Fleire nye signeringar vart gjort bl.a. vart Fabien Vidalon som vart henta frå MS.

Tidlegare spelarar for Drøbak-Frogn[endre | endre wikiteksten]

Fakta om Drøbak-Frogn Fotball[endre | endre wikiteksten]

DFI møtte Viking i cupen på Sigersten stadion i 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]