Drøfting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Måleriet Le vanneur (drøftaren) av Jean-François Millet.

Drøfting av korn vil seie å skilje agna frå kornet. Ein drøfting er også nemninga for eit trau eller ei båtforma trekasse med handtak på sidene, laga for drøfting av korn.

Før drøftemaskina og skurdtrøskaren kom, vart kornet drøfta ved hjelp av ein slik drøfting. Etter at kornet var trøska, vart kornet med agn tømt oppi drøftingen. Den som drøfta kornet, heldt drøftingen med båe hendene, og kasta kornet og agna opp i lufta, slik at kornet fall attende til drøftingen og agna fauk vekk med vinden. Slik vart agna skild frå kornet. Drøfting som siste ledd i reinseprosessen heldt seg i nokre vestlandsbygder i Saltdalen heilt til dei første reinsemaskinene kom på slutten av 1800-talet.[1] Drøftemaskinar har òg vore nytta for å reinska blåbær[2].

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Historisk leksikon
  2. «Blåbærkongen», NRK Sogn og fjordane. (vitja 31/5-2011)