Drømmen og hjulet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Drømmen og hjulet er ein halvdokumentarisk roman om forfattaren Ragnhild Jølsen (1875–1908), skriven av Jens Bjørneboe (1964).

Bakgrunn for Bjørneboes roman[endre | endre wikiteksten]

Ragnhild Jølsen var yngste dotter av den tiltaksrike brukseigaren Holm Jølsen, som åtte storgarden Ekeberg i Enebakk fram til 1904. Ragnhild Jølsens liv og forfattarskap var grunnleggjande knytt til denne garden og tradisjonane kring han. Her opplevde ho brytningane mellom ny og gamal tid, mellom natur og teknikk, mellom folketru og rasjonalisme. Faren, Holm Jølsen, gjorde ein stor innsats for å industrialisere Ekebergdalen. Han grunnla fyrstikkfabrikk og cellulosefarbrikk inspirert av tekniske nyvinningar i andre halvdelen av 1800-talet. Men bruka vart gong på gong råka av brann, og til slutt måtte han gje opp. Han vart sett under administrasjon.

Krakket førte til at huslyden måtte flytte til hovudstaden då dottera var 14 år gamal. Ho gjekk på skule, og ho gjekk i lære for å bli bilethoggar. Etter kvart hamna ho i bohem-krinsen.

Då Ragnhild Jølsen var 21 år gamal, flytta ho med foreldra attende til Enebakk. Det var der ho tok til å skrive for alvor. Ho arbeidde overmåte seriøst, og frå 1903 til ho døydde i 1908 fekk ho i raskt tempo ut romanar og forteljingar knytte til heimkommunen.

Ho døydde 33 år gamal. Det er reist mange spørsmål rundt dødsårsaka. Heilt sikre svar får vi knapt. Ho vart ikkje obdusert (jf Christensen, Kari 1989: Portrett på mørk treplate. Ragnhild Jølsens liv og forfatterskap).

Bjørneboe og Jølsen[endre | endre wikiteksten]

Ragnhild Jølsens liv og tidlege død inneheld uløyste gåter og har heilt klårt fengd Bjørneboe. Han budde sjølv nær Ekeberg i Enebakk då han skreiv Drømmen og hjulet, noko som truleg har hatt innverknad på val av tema. Han gjorde grundige etterrøkingar på førehand og kunne ta i bruk levande tradisjonar i lokalmiljøet. Bjørneboe har sjølvsagt også blitt inspirert av Ragnhild Jølsens dikting. Utan tvil har han kjend seg åndeleg i ætt med henne, og har lagt mykje av sitt eige kunstnartemperament i romanen.

Tradisjonane frå slektsgarden, Holm Jølsens industrireising på eigen eigedom, folkelivet kring bruket, og endeleg, det økonomiske krakket som råka dette, og dermed huslyden Jølsen, går Bjørneboe grundig inn på. Særleg brukar han mykje plass på å skildre det merkelege sekteriske religiøse livet som faldar seg ut i «Fabrikkdalen» i somme krinsar. Og frå tid til annan anar ein omen frå den store verda utanfor. Alt dette til saman vert eit fargerikt bakteppe for Bjørneboes portrett av mennesket og diktaren Ragnhild Jølsen.

Bjørneboe understrekar kor oppteken den unge jenta, som tek timar i modellering, vert av Edvard Munchs målarstykke, og han let henne råke ein særeigen mannsperson som er kalla Esau, ein mellomting mellom Esau i Det gamle testamentet og ein faun. Han er karakterisert som Pan og Eros i ein og same skapnad. Esau gjer eit inntrykk på henne som ho aldri kan bli kvitt, mest som ei bergtaking. Eit brot måtte koma; men ho har møtt «Eros» og fått eit sjeleleg «brannsår» som det er uråd å lækje. Møtet med Esau blir i Bjørneboes framstilling langt på veg avgjerande for den vidare utviklinga til hovudpersonen som menneske og kunstnar. Bjørneboe har skapt romanpersonen Esau ut frå meir eller mindre demoniske mannsskapnader i Jølsens dikting. Spesielt ein av desse, han som Jølsen sjølv kalla Vibe Vang, skal ifølgje Øyvin Ribsskog og Kari Christensen ha identifiserbar historisk modell.

Med romanen Drømmen og hjulet har Bjørneboe prøvt å klårleggje Ragnhild Jølsens lagnad dikterisk, dels med grunnlag i fakta som kan verifiserast, dels på grunnlag av kunstnarleg intuisjon. Arbeidet med boka må ha hatt mykje å seia for han sjølv, for han skal ha vorte vonbroten over at forlaget satsa så lite på ho. Det skal ha vore ein av grunnane til at han skifte forlag, frå Aschehoug til Pax.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørneboe, Jens 1964. Drømmen og hjulet
  • Antonie Tiberg 1909: Ragnhild Jølsen i liv og digning
  • Kari Christensen 1989: Portrett på mørk treplate Ragnhild Jølsens liv og forfatterskap