Dr. Kawashima's Brain Training: How Old Is Your Brain?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dr. Kawashima's Brain Training: How Old Is Your Brain?
Utviklar(ar)Nintendo SPD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Kouichi Kawamoto
Komponist(ar)Minako Hamano
Akito Nakatsuka
SerieBrain Age
Plattform(er)Nintendo DS
UtgjevingJP: 19. mai 2005
NA: 16. april 2006
EU: 9. juni 2006
SjangerHjernetrim
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 3
Nettstadhttps://www.nintendo.co.jp/ds/andj/
Del av serien Brain Age⠀
More Brain Training from Dr. Kawashima: How Old Is Your Brain?→

Dr. Kawashima's Brain Training: How Old Is Your Brain?, kjent i Nord-Amerika som Brain Age: Train Your Brain in Minutes a Day!, er eit hjernetrimspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo DS. Det vart utgjeve i Japan i mai 2005 og året etter i Nord-Amerika og Europa. Spelet vart tilgjengeleg på Nintendo eShop til Wii U i Japan den 3. juni 2014 og i Europa 12. juni 2014. Det var distribuert gratis fram til 30. juni 2014 i Japan og 10. juli i Europa, og har vore tilgjengeleg for kjøp i Europa sidan 25. juni 2015.[1] Brain Training vart følgt opp av More Brain Training from Dr. Kawashima: How Old Is Your Brain? til Nintendo DS og deretter Dr. Kawashima's Devilish Brain Training: Can You Stay Focused? til Nintendo 3DS.

Dr. Kawashima's Brain Training blir spelt ved å halde Nintendo DS sidelengs.

Brain Training er utvikla for å spelast dagleg i korte økter, i likskap med spel som Animal Crossing: Wild World og Nintendogs. Spelaren held Nintendo DS-konsollen på sida, der peikeskjermen anten ligg til høgre for høgrehendte personar eller til venstre for venstrehendte. Spelet blir utelukkande styrt av peikeskjermen og mikrofonen, og spelaren svarer på oppgåver anten ved å skrive på skjermen eller snakke til mikrofonen. Brain Training inneheld fleire typar aktivitetar, mellom anna matematiske spørsmål, stroop-testar og sudoku-oppgåver, med mål om å stimulere ulike område av hjernen.[2] Før ein kan byrje på spelet, må ein gje informasjon om kva hand ein skriv med og fødselsdato. Spelaren løyser deretter tilfeldige oppgåver slik at spelet kan avgjere forma til hjernen til spelaren. Denne presenterer spelet som ein alder, «Brain Age», som kan spenne frå 20 til 80 år avhengig av korleis spelaren presterer.[3] Etter at spelaren har fått tildelt ein hjernealder, blir tre modi låst opp: Snøgt spel, dagleg trening og sudoku. I snøgt spel kan spelaren øve på tilgjengelege spel utan å få nokon poengsum. I dagleg trening kan spelaren måle alderen på hjernen sin eller fullføre tilgjengelege øvingar for å få poeng som blir registrert for dagen. I den tredje modusen, sudoku, kan spelaren løyse mellom hundre sudoku-oppgåver.

Brain Training vart marknadsført som ein del av Touch! Generations-serien, ein serie av spel retta mot grupper som tradisjonelt ikkje speler dataspel. Spelet har vore ein kommersiell suksess og har selt over 19 millionar kopiar.[4] Det har vore enkelte kontroversar om den vitskaplege effektiviteten til spelet.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]