Dr. Munk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg restauranten Dr. Munk.

Dr. Munk er ein oppdikta person som først vart gjort kjend i Sveve over vatna av Ragnar Hovland i 1982. Han opptrer som sauebonde, filosof, nærradioprogramleiar, revolusjonær proletar, underhaldar, rytmegitarist, fyllik, gjesteførelesar ved universitetet, hobbypsykoanalytikar med divan, brevvekslar med Johnny Rotten i Sex Pistols, og har sidan gjeve seg til kjenne rundtforbi.

Som åndeleg fadder for doktoren har Ragnar Hovland nytta namnet hans ved ulike høve, som til dømes Ein aften med Dr. Munk, eit musikalsk, litterært program saman med Dei nye kapellanane.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.