Drabant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Drabant er eit omgrep som i mellomalderen var namn på livvaktene til kongar og herrar, og seinare var det namn på kjernen av hustroppane. Eit drabantkorps vart etter kvart ein del av hæren. I Danmark vart drabantkorpsa nytta frå 1571 til 1763.

Drabant er blitt nytta om biplanetar eller månar, eller på romfartøy eller liknande som vert skoten opp frå jorda slik at dei kjem i krinslaup rundt jorda. I dei to sistnemnde er drabant no vanlegvis erstatta av satellitt. I tillegg kan det nyttast om drabantby eller drabantstat, som er mindre nasjonar som er heilt eller delvis avhengige av ei stormakt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]