Drabantby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Drabantby eller satellittby er eit bustadområde som ligg utanfor kjernen av ein større by. Det fungerer som eit bi-sentrum med tilliggjande bustadstrøk, og skal ha samband med sentrum og komunikasjonsnettet til den nærliggjande storbyen. Drabantbyar skal ha lokale arbeidstilhøve og ha vanlege butikkar for daglegvarer, serviceføretak, skular og andre fellesinstitusjonar. Drabantbyar skil seg frå forstader, som er tettstader som ligg utanfor det eigentlege byområdet.

Nemninga drabantby vart nytta fyrst i dansk og i norsk frå 1960-åra. Ein av dei fyrste typiske drabantbyane vart bygd på Lambertseter i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«drabantby» i Store norske leksikon, snl.no.