Dragon Age: Inquisition

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dragon Age: Inquisition
Utviklar(ar)BioWare
Utgjevar(ar)Electronic Arts
DistributørMicrosoft Store, Steam, PlayStation Store
ForfattarDavid Gaider
Komponist(ar)Trevor Morris
SerieDragon Age
SpelmotorFrostbite
Plattform(er)Microsoft Windows, PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360, Xbox One
SjangerAction RPG
SpelemodusEnkeltspelar, fleirspelar (opptil 4 stk.)
AldersgrenseMature 17+
Nettstadhttp://www.dragonage.com
Del av serien Dragon Age⠀
←Dragon Age II  ·

Dragon Age: Inquisition er eit action-rollespel utvikla av BioWare og utgjeve av Electronic Arts. Det er det tredje houvdspelet i Dragon Age-serien, og oppfylgjaren til Dragon Age: Origins og Dragon Age II. Spelet blei utgjeve i november 2014 til Microsoft Windows, PlayStation 3, PlayStation 4, Xbox 360 og Xbox One.

Spelet handlar om hovudkarakteren som blir utvald som «Inquisitor» og prøvar å løyse borgarkrigen i kontinentet Thedas og lukka ein mystisk opning i himmelen kalla «Breach», som slepp laus farlege demonar i verda. «Inquisitor»-en blir sett av nokon som «den utvalde» av di karakteren har eit merke på handa si som gjer han/henne i stand til å lukka «Breach». Spelaren byggjar opp inkvisisjonen i eit forsøk på å stoppa Corypheus, ein gammal «darkspawn», som opna brotet for å erobra Thedas.

Spelestilen i Dragon Age: Inquisition er lik forgjengarane sine og består for det meste av element funne i eit typisk action rollespel. Spelarane kontrollerer den tilpassa karakteren sin, og partnarar han/ho møter. Dei kan overvinna fiendar med sverd og magi, gjera oppdrag, samhandle med ikkje-spelbare figurar, og oppnå framgang gjennom hovudhistoria. Spelarar kontrollerer i hovudsak hovudpersonane sine frå tredjepersonssynsvinkel, men ein tradisjonelt rollespel top-down-kameravinkel er òg tilgjengeleg.

Etter utgjevinga av Dragon Age II blei speleserien sett på av nokon som ein serie med ei «identitetskrise». Som eit resultat av dette ville Bioware skapa eit tredje Dragon Age-spel som kombinerte element frå dei to fyrste. Etter å ha byrja med utviklinga av spelet i 2011, blei det offisielt kunngjort på 2013 Electronic Entertainment Expo. Spelet sine lydspor blei hovudsakleg komponert av Trevor Morris, som erstatta Inon Zur, som komponerte musikken i Dragon Age: Origins og Dragon Age II. Fleire nedlastbare innhaldspakker vart òg utgjeve.

Dragon Age: Inquisition fekk strålande tilbakemeldingar, der kritikarane lovpriste historia, stemmeskodespelet, musikken, det detaljerte miljøet og det engasjerande kampsystemet. Spelet fekk likevell ein del kritikk for av tekniske problem.

Spelet blei tildelt mange utmerkingar og nominert til fleire, inkludert «Game of the Year» og «Best RPG»-prisar.

Spelestil[endre | endre wikiteksten]

Spelaren kan velja mellom å laga ein menneskje-, dverge-, alve- eller Qunari- karakter. Ein kan velja ein klasse å spela som, krigar, trollmann eller rouge, og etter dette gje karakteren spesielle ferdighetar etter kvart som han/ho kjem opp i nivå. Karakteren kan som Inquistior mellom anna dømma andre sin åtferd og velja om ein skal avretta NPC-ar eller ikkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]