Dragracing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dragracingbilen Pro Street Camaro like etter start.

Dragracing er ei form for motorsport som går ut på at to fargreier tevler om å køyra ei kort lengd frå ståande start raskast mogleg. Det er altså om å gjera å ha best akselerasjon. Sporten oppstod i ørkenstrøk av California i USA på 1930-talet. Ein driv med dragracing for preparerte bilar, spesialbilar som dragster, motorsyklar, resarbåtar og snøskuterar.

Som regel er strekninga ein tevler på ¼ engelsk mile (ca 400 meter) og føregår på ein bane med asfalt- eller betongdekke. Det finst hundrevis av klassar for køyretøy med ulike tekniske avgrensingar.

National Hot Rod Association (NHRA) blei stifta i USA i 1951, og bilsporten blei anerkjend av Det internasjonale bilforbundet (FIA) i 1965.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.