Dragsmark kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruinar frå Dragmark kloster

Dragmark kloster (norrønt Mariskógr, latin Monasterium dei silva sanctae Mariae)[1] var eit premonstratensarkloster vigd til jomfru Maria. Det låg på Bokeneset vest for Oddevold (Uddevalla) i Båhuslen, som då var ein del av Noreg.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klosteret vart grunnlagt i regjeringstida til kong Håkon IV Håkonsson, truleg i 1234. Det ser ut til å ha hatt høg status.[3] Her vart det mellom anna oppretta eit «akademi» for unge adelsmenn. Men allereie før reformasjonen, i 1519, ser det ut som det var gått ut av geistleg bruk og lagt under kongeleg overoppsyn. I 1532 vart klosteret formelt forlena og fullt ut sekularisert. Det vart òg stadig utsett for øydeleggingar i tida rundt reformasjonen under stridigheitane mellom dei dansk-norsk kongane Frederik I og nevøen Christian II. Christian støtta reformasjonen, medan Frederik hadde lova å verna den katolske kyrkja. Etter kvart låg klosteret i ruin og tente som steinbrot for utbygginga av Båhus festning.[3]

Kyrkja og eit par av romma sør for ho vart arkeologisk undersøkt i 1897-98. Deler av anlegget ligg truleg stadig intakt under markoverflata.[4]

Lensherrar[endre | endre wikiteksten]

  • Knud Grubbe (1575-1602)
  • Lagt under Baahus len (1602-28)
  • Niels Hammer (1628-44)
  • Thomas Dyre (1644-52)
  • Henrik Villumsen Rosenvinge (1652-58)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]