Drammens Ballklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Drammens Ballklubb er eit idrettslag i Drammen, stifta 14. august 1909. Laget har aktivitetar i idrettane bandy, fotball og langrenn. DBK spelar heimekampane på Marienlyst i kvite trøyer og knallblå underdelar.

I starten var Drammens Ballklubb en rein fotballklubb, etter kvart vart skihopping og bandy viktige aktiviteter for klubben. I 1930 spelte DBK NM-finale i fotball mot Ørn frå Horten, og tapte 2–4. Drammens Ballklubb tok opp ishockey tett føre Vinter-OL 1952 i Oslo. Olympiske ishockeykampar vart avvikla på Marienlyst, og klubben spelte sine fyrste ishockeykampar i forkant av OL-turneringa.

Kombinertløparen Emil Kvanlid og fotballmålvakta Willy Aronsen er dei best kjende medlemene i Drammens Ballklubb.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]