Drammensbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drammensbrua

Typevegbru, tvillingbru
StadDrammen
Noreg
Opna1975
StrekningE18 – 4 felt
Lengd1 892 meter
Fri høgd12 m
Største spenn60 m
KryssarDrammenselva og øya Holmen
Materialearmert betong
TransportererBiltrafikk
Trafikk45 800 (2022)[1]
Kart
Drammensbrua
59°44′15″N 10°13′15″E / 59.7375°N 10.22083333°E / 59.7375; 10.22083333

Drammensbrua er ei bjelkebru i betong for vegtrafikk som går over Drammenselva i Drammen i Buskerud fylke. Brua opna i 1975, og er den lengste brua i Noreg (2006) med 1892 meter.[2]

Opprusting og utviding av Drammensbrua[endre | endre wikiteksten]

Utskiftinga av dei firkanta pillarane på den opphavlege Drammensbrua (til venstre) med sylindriske, og samanbygginga av den gamle brua med den nye til høgre
Drammensbrua (vegbrua) og jarnbanebruene, kalla Holmenbruene.

I 2006 blei den gamle brua rusta opp. E18 over Drammensbrua fekk fire felt etter at ei ny bru var bygd inntil den gamle oppstraums mot byen. Både den nye og den gamle brua blei kledd med aluminiumsplater på undersida, som skal reflektere lyset frå elva under. Dei firkanta pilarane som held den gamle brua oppe, vart bytta ut med nye, sylindriske, slik at dei to bruene fekk same utsjånad.

Jernbanebrua over Drammenselva[endre | endre wikiteksten]

Vegbrua og jarnbanebrua

Vegbrua kryssar jarnbanen Drammensbanen, som likeeins går på bru over Drammenselva, og kryssar E 18 under vegbrua. Drammenselva deler seg i her to løp, Brakerøyløpet og Strømsøløpet, med øya Holmen mellom, og det går hamne- og industrispor inn på Holmen. Den gamle, einspora jarnbanebrua i stål frå 1930 vart i 1996 avløyst av ei dobbeltspora stålbru, men slik at den gamle einspora brua framleis tek trafikken inn mot Drammen stasjon over Strømsøløpet, medan det vart bygd ny, einspora bru over Strømsøløpet for trafikken ut frå Drammen stasjon i retninga mot Oslo. Over Brakerøyløpet vart det bygd ny dobbeltspora bru, og her vart den gamle stålbrua rive.

Den nye einspora brua frå 1996 over Strømsøløpet for trafikken ut frå Drammen stasjon i retninga mot Oslo er 453,0 meter lang, og gamlebrua over Strømsøløpet frå 1930 for trafikken i retninga frå Oslo er 451,1 meter lang. Den dobbeltspora brua over Brakerøyløpet frå 1996 er 341,0 meter lang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Drammensbrua