Drammensgranitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Drammensgranitt er ein raudleg granitt frå Oslofeltet. Ei rekkje mindre malmførekomstar er knytt til bergarten; jarn, bly, sink, kopar og vismut i kontaktsonen omkring, og molybdenkvartsgangar i sjølve granitten. Bergarten har einskilde stader druserom som fører ein del sjeldne mineral.

Det er òg funne vene krystall av beryll (akvamarin), fenakitt og topas i bergarten.

Drammensgranitt nyttast som bygningsstein. Det første større bygget som fekk fasadar av drammensgranitt i Noreg var Regjeringsbygningen, som stod ferdig i 1906.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]