Drapsforsøk
Utsjånad
Drapsforsøk er ei handling som kunne ha medført død hjå eit menneske, men ikkje gjorde det. Eit slikt forsøk på drap er ofte straffbart i seg sjølv, men definisjon og strafferame kan variera mellom ulike jurisdiksjonar.
For at nokon skal dømmast for drapsforsøk, må retten finna det sannsynleg at meininga med handlinga var å drepa.[1][2] I staden kan ein vedgå eller dømmast for drapstruslar eller lekamsskading.[3]
I Noreg er drapsforsøk straffbart på linje med drap etter Straffeloven § 233, jf. § 49.[4] Kva slags straff ein får, kjem an på korleis freistnaden vert utført, men Høgsterett stadfesta i ein dom frå 2011 ei straff på ni år i fengsel.[5]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ole Martin Mortvedt; Torkjell Trædal (12. desember 2016). «Frifunnet for drapsforsøk mot politifolk etter skytingen på Roa». Politiforum. «Juryen har foretatt en fullstendig bevisvurdering i saken. Det mener at de ikke kunne bevises ut ove rimelig tvil at min klient forsøkte å drepe politifolkene, sier Mæland til Politiforum umiddelbart etter at frikjennelsen var klar.»
- ↑ Ådne Sinnes (1. juni 2015). «Hvorfor ikke drapsforsøk?». Politiforum. «For at saken skulle blitt ført som et drapsforsøk krever det beviser for forsett hos gjerningsmannen etter uskyldspresumsjonen i strafferetten: Man er uskyldig til det motsatte er bevist.»
- ↑ Oddleif Løset (20. februar 2016). «Mann sikta for valdtekt av ekskjærasten og drapsforsøk på faren hennar». NRK Sogn og Fjordane. «Far til kvinna måtte ha legehjelp etter hendinga. Sikta avviser at han meinte å drepe, men har forståing for at far til kvinna kan ha blitt skremd til å tru på truslane.
– Han vedgår lekamsskading. Objektivt er det ikkje stor usemje om det som skjedde, men vi meiner politiet tek det for langt, seier Riple.» - ↑ «4de Kapitel. Forsøg. § 49». Almindelig borgerlig Straffelov (Straffeloven).
- ↑ «Høyesterett skjerpet straff for overlagt drapsforsøk». Nettavisen. 29. juni 2012.