Drava
Drava | |
elv | |
Land | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
---|---|
Nedslagsfelt | 11 828 km² |
Renn gjennom | Maribor, Osijek |
Sideelvar | Gail, Gurk, Mura |
Lengd | 749 km |
Kjelde | Sør-Tyrol i Italia |
- høgd | om lag 1 450 moh. |
Munning | I Donau ved Osijek i Kroatia |
- høgd | om lag 90 moh. |
Wikimedia Commons: Drava | |
Drava (tysk Drau, ungarsk Dráva) er ei elv i sørlege delar av Sentral-Europa. Ho har sitt utspring i Sør-Tyrol i Italia og renn austover gjennom Tirol og Kärnten i Austerrike, inn i Slovenia (145 km), og så søraustover gjennom Kroatia, der ho dannar grensa mellom Kroatia og Ungarn. Til slutt renn ho ut i Donau nær byen Osijek. Ho har ei lengd på 725 km.
Drava renn gjennom Lienz, Spittal an der Drau, Villach, Dieschitz og Ferlach i Austerrike, Dravograd, Vuzenica, Muta, Ruše, Maribor, Ptuj og Ormož i Slovenia, Varaždin og Osijek i Kroatia og Barcs i Ungarn. Ein kan segle på Drava i om lag 90 km frå Čađavica i Kroatia og til munningen.
Dei største sideelvene til Drava er Gail i Austerrike og Bednja i Kroatia frå venstre, og Gurk i Austerrike og Mura (nær Legrad) i Kroatia frå høgre.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Drava» frå Wikipedia på engelsk, den 6. februar 2007.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
