Dravinja
Utsjånad
| Dravinja | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Lengd | 70 km | ||
| Kjelde | Pohorjemassivet sørvest for Rogla | ||
| Munning | Drava | ||
| • høgd | 1 200 moh. | ||
![]() Dravinja 46°22′09″N 15°56′43″E / 46.36925°N 15.94525°E | |||
| Wikimedia Commons: Dravinja | |||
Dravinja er den største sideelva til Drava i Slovenia. Kjelda hennar ligg i Pohorjemassivet sørvest for fjellet Rogla, om lag 1200 meter over havet. Elva renn gjennom byane Zreče, Slovenske Konjice, Poljčane, Makole og Majšperk til Videm, der ho munnar ut i Drava. Den største sideelva hennar er Polskava.
Dravinja er den best bevarte låglandselva i Slovenia og har vorte verna som ein del av det europeiske nettverket Natura 2000. I tillegg ligg Pečnikmølla ved elva, som er erklært eit etnologisk monument.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dravinja» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Slovenia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
