Dream, After Dream

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dream, After Dream
Studioalbum av Journey
Utgjeve 10. desember 1980
Innspelt 13. til 22. oktober 1980
Studio CBS/Sony Shinanomaki Studios i Tokyo i Japan
Sjanger Progressiv rock
Lengd 35:22
Selskap Columbia
Produsent Kevin Elson, Journey
Journey-kronologi 
Departure
(1980)
Dream, After Dream Captured
(1981)


Dream, After Dream er eit filmmusikkalbum av det amerikanske rockebandet Journey for den japanske fantasifilmen Yume, Yume No Ato regissert av motedesigneren Kenzo Takada. Albumet kom ut i desember 1980 på Columbia Records og var det sjuande albumet deira. Filmusikken overskugga sjølve filmen og var eit kraftig steg til sides frå arenarocken bandet hadde spelt på dei tre førre albuma sine. Her gjekk dei attende til dei progressive rockerøtene sine og baserte seg på kompleks, musikalsk dugleik og instrumentalar.

Dream, After Dream har tre spor med vokal av ni spor i alt, «Destiny», «Sand Castles» og «Little Girl». «Little Girl» kom seinare ut som B-side til singelen «Open Arms» og var med på samleplata Time3. Han var òg bonusspor på 2006-utgåva av Departure og 2011-utgåva av Greatest Hits 2. «Destiny» er den lengste songen bandet spelte inn.

Det var det siste albumet med det opphavlege medlemmet Gregg Rolie.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]

AllMusic skreiv om albumet at det var «eit av dei mest oversedde albuma i katalogen til Journey. Dream, After Dream er eit fint døme på kor undervurderte Journey var som musikarar og kan tilrådast for fans av bandet.»[1] Dave Marsh, som var ein ivrig motstandar av bandet, var enno meir entusiastisk og skildra albumet som «det beste bandet spelte inn i 1980-åra».[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Destiny»Neal Schon, Steve Perry8:54
2.«Snow Theme»Ross Valory3:24
3.«Sandcastles»Gregg Rolie, Perry4:44
4.«A Few Coins»Rolie, Schon, Steve Smith, Perry, Valory0:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Moon Theme»Schon, Perry4:35
6.«When the Love Has Gone»Schon4:02
7.«Festival Dance»Rolie, Schon, Smith, Perry, Valory0:57
8.«The Rape»Valory2:11
9.«Little Girl»Schon, Perry, Rolie5:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar
Andre medverkande
  • Eiji Arai, Yasuo Hirauchi, Tadataka Nakazawa, Sumio Okada - trombone
  • Toshio Araki, Yoshikazu Kishi, Kenji Yoshida, Takatoki Yoshioka - trompet
  • Takashi Fukumori, Hachiro Ohmatsu, Kiyoshi Ohsawa, Masatsugu Shinozaki - fiolin
  • Hiroto Kawamura, Kazuo Okamoto - cello
  • Masayuki Yamashiro - horn
  • Strykarar og horn arrangerte og dirigerte av Matthew A. Schon
Produksjon
  • Kevin Elson - produsent, lydteknikar, miksing
  • Akira Fukada, Geoff Workman - lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Journey Dream After Dream review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 28. mai 2020. 
  2. Marsh, Dave. «Great, Forgotten Records». New Book of Rock Lists. Sidgwick & Jackson. 1994.