Dream a Little Dream of Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Dream a Little Dream of Me»
Musikk av Fabian Andre, Wilbur Schwandt
Tekst av Gus Kahn
Publisert 1931
Språk engelsk

«Dream a Little Dream of Me» er ein song frå 1931 med musikk av Fabian Andre og Wilbur Schwandt[1] og tekst av Gus Kahn. Han vart først spelt inn i februar 1931 av Ozzie Nelson og same året av Wayne King and His Orchestra, med vokal av Ernie Birchill. Det vart ein populæræ standard og det er spelt inn meir enn 60 andre versjonar av songen. Den versjonen som nådde høgast på lista var Mama Cass Elliot med The Mamas & the Papas i 1968.

Tidlege innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«Dream a Little Dream of Me» vart spelt inn av Ozzie Nelson and his Orchestra, med vokal av Nelson, den 16. februar 1931 for Brunswick Records. To dagar seinare, spelte Wayne King and His Orchestra, med vokal av Ernie Birchill, inn songen for Victor Records. «Dream a Little Dream of Me» var òg ein tidleg signaturlåt for Kate Smith. Sommaren 1950 vart det gjeve ut sju innspelingar av «Dream a Little Dream of Me» med versjonar av Frankie Laine og Jack Owens inn på topp 20 i USA med høvesvis ein 18. og ein 14. plass. Dei andre versjonane var av Cathy Mastice, Ella Fitzgerald, Louis Jordan, Vaughn Monroe, Dinah Shore og ein duett mellom Bing Crosby og Georgia Gibbs. Andre tradisjonelle popartistar som spelte songen var Louis Armstrong, Barbara Carroll, Nat King Cole, Doris Day, Joni James og Dean Martin.

Songen vart igjen spelt inn i 1968 med Mama Cass Elliot med The Mamas & the Papas, og så av Anita Harris. Meir enn 40 andre versjonar følgde, som av Mills Brothers, Sylvie Vartan, Henry Mancini, The Beautiful South, Anne Murray, Erasure, Michael Bublé og den italienske vokalgruppa Blue Penguin.

Cass Elliot-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Dream a Little Dream of Me
Singel av Mama Cass med the Mamas & the Papas
frå albumet The Papas & The Mamas og Dream a Little Dream
B-side Midnight Voyage (the Mamas & the Papas)
Utgjeve Juni 1968
Lengd 3:15, 3:22 (Mama Cass-album)
Selskap Dunhill (USA)
Stateside (UK)
The Mamas and the Papas-kronologi
«Safe in My Garden»
(1968)
Dream a Little Dream of Me «For the Love of Ivy»
(1968)


«Dream a Little Dream of Me» vart spelt inn av the Mamas & the Papas i april 1968 for albumet The Papas & The Mamas. Gruppa hadde ofte sungen songen for moro skuld. Faren til medlemmet Michelle Phillips hadde vore ven med låtskrivaren Fabian Andre i Mexico by, der familien til Michelle Phillips budde då ho var lita. «Mama» Cass Elliot føreslo for gruppleiaren John Phillips at gruppa skulle spele inn «Dream a Little Dream of Me». I følgje han var ho misnøgd med innspelinga av songen.

Songen kom ut på singel i juni 1968 oppført som «Mama Cass with the Mamas & the Papas» og på den britiske utgåva av singelen stod det berre «Mama Cass». «Dream a Little Dream of Me» nådde 12. plassen på Billboard Hot 100 i august det året og andreplassen på Billboard Easy Listening-lista.[2] I Storbritannia nådde «Dream a Little Dream of Me» 11. plassen i september, i Irland ein 13. plass og i Sør-Afrika ein åttandeplass. På den australske Go-Set-lista gjekk «Dream a Little Dream of Me» heilt til topps[3] og var den 16. største hitten i Australia i 1968.[4]

Ein litt annleis versjon av «Dream a Little Dream of Me» kom ut på debutalbumet til Elliot som soloartist, Dream a Little Dream.[5]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
Australia 1
Canada [6] 7
Tyskland 5
Irland 13
Sør-Afrika 8
Sveits 22
UK 11
U.S. Billboard Hot 100 12
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary spor 2
U.S. Cash Box Top 100 10
U.S. Record World 8

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
Australia 13
Canada [7] 72
UK [8] 94
U.S. Billboard Hot 100 [9] 105


Robbie Williams-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Dream a Little Dream of Me
Singel av Robbie Williams
frå albumet Swings Both Ways
B-side «You Got Old»
Utgjeve 13. desember 2013
Sjanger
Lengd 3:10
Selskap Island
Låtskrivar(ar)
Produsent Guy Chambers
Robbie Williams-kronologi
«Go Gentle»
(2013)
Dream a Little Dream of Me «Shine My Shoes»
(2014)


Den engelske songaren Robbie Williams spelte inn «Dream a Little Dream of Me» (som «Dream a Little Dream») for det tiande studioalbumet og det andre swingalbumet hans, Swings Both Ways (2013). Albumversjonen er ein duett med Lily Allen, men ho er ikkje med på singelversjonen, som kom ut 13. desember 2013 som den andre singelen frå albumet.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Albumversjonen med Lily Allen
Liste (2013) Plassering

position

16
Belgia (Ultratip Vallonia)[10] 34
Danmark (Tracklisten)[11] 18
Frankrike (SNEP)[12] 160
Tyskland (Media Control AG)[13] 88
Sveits (Schweizer Hitparade)[14] 67
UK Singlar (Official Charts Company)[15] 144

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Co-catalog, Library of Congress.
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 153. 
  3. http://www.poparchives.com.au/gosetcharts/1968/19680911.html
  4. http://www.poparchives.com.au/gosetcharts/1968/top1968.html
  5. Fiegel, Eddi. Dream a Little Dream of Me: the Life of «Mama» Cass Elliot (London: Sidgwick & Jackson. 2005. ISBN 0-283-07331-4) pp.256, 261.
  6. https://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5841&type=1&interval=50&PHPSESSID=u1g6s79htf3hjnphc4uj4im4o1
  7. https://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5867&type=1&interval=50&PHPSESSID=0dqlskjmqcoen7v61r21t7o9q5
  8. http://www.uk-charts.top-source.info/top-100-1968.shtml
  9. http://www.bullfrogspond.com/whitburn/19__wye.htm
  10. "Ultratop.be – Robbie Williams feat. Lily Allen – Dream A Little Dream" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  11. "Danishcharts.com – Robbie Williams feat. Lily Allen – Dream A Little Dream". Tracklisten. Hung Medien.
  12. "Lescharts.com – Robbie Williams feat. Lily Allen – Dream A Little Dream" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  13. "Robbie Williams - Dream A Little Dream". Charts.de. Media Control.
  14. "Robbie Williams feat. Lily Allen – Dream A Little Dream – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien.
  15. Zywietz, Tobias. «CHART: CLUK Update 30.11.2013 (wk47)». Zobbel. Henta 2. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]