Dreamer Deceiver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dreamer Deceiver
Song av Judas Priest
frå albumet Sad Wings of Destiny
Utgjeve 23. mars 1976
Innspelt November - desember 1975

Rockfield Studios, Wales

Sjanger Hardrock, heavy metal, space rock
Lengd 5:51
Låtskrivar(ar) Al Atkins, Rob Halford, KK Downing, Glenn Tipton
Produsent Jeffery Calvert,

Max West Judas Priest

«Dreamer Deceiver» er ein powerballade av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå 1976 på albumet Sad Wings of Destiny. I motsetnad til andre songar på albumet er songen ein «spacy ballade».[1] Songen er skriven av den opphavlege songaren i Judas Priest, Al Atkins, men han fekk aldri spele inn songen med bandet. Han spelte seinare inn songen på eit av soloalbuma sine. Songen er kjend for å syne den fulle rekkjevidda til Rob Halford, frå roleg song til skrik i høgt toneleie. Songen vart framført av bandet på det britiske fjernsynsshowet The Old Grey Whistle Test i 1975.

Teksten skildrar ein figur som tar forteljaren opp til himmelen. Han endar opp å «gå seg vill der oppe», men har «fred i sinnet». Han instruerer lyttaren om å prøve å finne ein veg. Gitarsoloen vert framført av Glenn Tipton. Denne songen glir over i den neste songen, «Deceiver», via eit langt, høgt hyl av Halford.

Songen har ikkje blitt spelt av bandet sidan slutten av 1976, men er likevel blitt ein favoritt hos fansen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huey, Steve. Sad Wings of Destiny review allmusic.com. Henta on 2014-01-22