Dreamy Lady

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dreamy Lady
Singel av T. Rex
frå albumet Futuristic Dragon
B-side

Do You Wanna Dance?/Dock of the Bay

Utgjeve 26. september 1975
Sjanger Glamrock, disco
Lengd 2:55
Selskap EMI (Storbritannia)
Låtskrivar(ar) Marc Bolan
Produsent Marc Bolan
T. Rex-kronologi 
«New York City»
(1975)
Dreamy Lady «London Boys»
(1976)


«Dreamy Lady» er ein song frå 1975 av det britiske glamrockbandet T. Rex, men gjeven ut på singel under namnet «T. Rex Disco Party». Songen kom ut i 1976 på albumet Futuristic Dragon. B-sida består av coverversjonar av songane «Do You Wanna Dance?», opphavleg av Bobby Freeman, og «(Sittin' On) The Dock of the Bay», opphavleg av Otis Redding. Den sistnemnde av desse vert sungen av Gloria Jones, produsert av Bolan. Singelen er eit kraftig steg til sides for «T. Rex-stilen» og påverka av disco. Demoversjonar av songen vart framført i reggaestil.

Singelen låg fem veker inne på UK Singles Chart og nådde 30. plassen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «T REX | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 10. oktober 2016.