Dreiherrnspitze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dreiherrnspitze
fjell
Rifugio Tridentina e Picco dei Tre Signori 2007.jpg
Dreiherrnspizte
Land Flag of Austria.svg Austerrike
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 499 moh
Primærfaktor 581 m
Koordinatar 47°4′12″N 12°14′22″EKoordinatar: 47°4′12″N 12°14′22″E
Wikimedia Commons: Dreiherrnspitze

Dreiherrnspitze er ein 3 499 meter over havet høg fjelltopp i Hohe Tauern i Alpane, på grensepunktet mellom den italienske provinsen Bolzano og dei austerrikske forbundslanda Tirol og Salzburg. Fjellet ligg vestlegast i fjellrekka Tauernhauptkamm.

Dreiherrnspitze består av to toppar, den austlege hovudtoppen og den 3 418 moh høge vesttoppen. Landegrensa mellom Austerrike og Italia går over begge toppane. Den i kring 450 meter høge nordaustveggen stig i over 60°.

Fjellet vart bestige fyrste gongen i 1861 av lokale folk som la til rette for at det kunne utførast militær kartleggjing av landområdet. Fjelltoppen Dreiherrnspitze er grei å nå frå sørvestsida. Austsida av fjellet vart klatra fyrste gongen midt på 1920-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]