Dreiing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tredreiing.
Pedaldriven tredreiing i Myanmar.
Foto: Gerd Eichmann, 2006
Gjenstander laga gjennom tredreiing.
Foto: Gerd Eichmann, 2008
Metalldreiing.
Foto: Frank Vincentz, 2010

Dreiing er ein metode for forming av anten metall-, plast- eller tremateriale. Metoden føregår ved at ein raskt roterer eit arbeidsstykke og deretter skjer til diameteren eller forma på materialet slik ein ynskjer. Skjeringa blir utført med eit skjer tilpassa materialet – både typen og forma. Dreiing blir som regel utført med dreiemaskin, men kan også drivast av hand- eller fotkraft.

Typar dreiebenkar[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire forskjellige maskinar for dreiing, både manuelle og datastyrte (CNC), og då også med fleire ulike funksjonar. Dei manuelle dreiebenkane har som oftast berre to eller tre aksar: Éin akse som leier skjeret horisontalt og parallelt med materialet (hovudsleiden, z-aksen), éin som leier skjeret horisontalt og på tvers av materialet. inn mot sentrum (tverrsleiden, x-aksen), og éin som kan vendas horisontalt 360° rundt (toppsleiden). Både tverrsleiden og toppsleiden er festa oppå hovudsleiden. Dei datastyrte kan derimot ha mange fleire aksar og funksjonar. Blant anna kan desse ha 5-7 aksar eller i nokre høve fleire, og funksjonar som boring og fresing utanom sentrum på arbeidsstykket.

Operativsystem[endre | endre wikiteksten]

Dei manuelle dreiebenkane blir styrt av ein operatør som utfører arbeidet til maskinen fysisk ved å sveive på skruespindlar for dei forskjellige sleidane. For å holde orden på kor langt me har sveivd er det montert skaleringar på skruespindelen, men dei fleste manuelle dreiebenkar har likevel ei digital avlesing i z- og x-aksen som kan vise opptil 1/1000 mm (0.001 mm) nøyaktigheit.

Dei datastyrte dreiebenkane har program laga til ulike delar slik at masinen utfører dreiejobben automatisk, og kan då drive masseproduksjon. Dei nyare automatiske maskinane kan òg vere heilt innbygde, og vernar då menneske og andre maskinar mot avdreidde sponar, kjølevæske og liknande. Dei manuelle dreiebenkane er ofte opne og vernar mindre. Dei har då òg lågare omdreiingshastigheit enn dei datastyrte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gyldendals Norske Forlag – TIP-serien, Produksjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dreiing