Dreng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den som ikkje heve Dreng, fær tena seg sjølv.

Ein dreng, av norrønt drengr med opphavleg tyding 'tjukk stokk' er ein gardsgut eller ein annan mannleg medhjelpar. Den motsvarande kvinnelege yrkesnemninga er taus.

Ordet dreng ikkje lenger bruka som yrkesnemning, men i folkeleg tale vert det enno bruka om gardsgutar og andre mannlege hjelparar på gardsbruk.

Tidlegare hadde vi yrkesnemningar som sjukehusdreng, ein medhjelpar på sjukehuset, og lensmannsdreng, ein medhjelpar for lensmannen. Nokre store gardsbruk eller handelshus på kysten hadde sjødrengar som arbeidde med båtane.

I somme målføre vert ordet dreng enno nytta om ein tjukk stokk eller ein støttestokk.

Dreng vert òg bruka som førenamn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]