Dresden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dresden
DD-canaletto-blick.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Dresden
Dresden is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen
Dresden
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

328,8 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik

504 635
  1 535/km²
Koordinatar 51°2′0″N 13°44′0″EKoordinatar: 51°2′0″N 13°44′0″E
Høgd over havet 113 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 01001 - 01462
Telefon-retningsnummer 0351
Bilnummer DD
Heimeside: www.dresden.de

Dresden (sorbisk Drježdźany) er ein by i Tyskland og hovudstaden i delstaten Sachsen ved elva Elbe. Byen har like over 500 000 innbyggjarar, men medrekna innbyggjarane som bur i storbyområdet er talet nærare ein million. Dresden er eit kulturelt, politisk og økonomisk hovudsenter i området sitt.

Byen er blitt kjend som offer for eit øydeleggjande bombeåtak mot slutten av den andre verdskrigen, som øydela størstedelen av bysentrum og drap svært mange menneske (estimert frå 20 000 til 200 000 avhengig av kjelde, i ein rapport frå 2010 fastsett til 20 - 25 000 menneske). Trass i bombinga har byen mange vakre bygningar, mange av dei attoppbygde etter krigen. Frauenkirche, eit tidlegare landemerke for byen som gjekk med i åtaket, er i ferd med å bli restaurert i 2005.

Før bombinga var Dresden kjend som ein av dei vakraste byane i Europa, med ei stor samling bygg frå barokken. På grunn av dette har han fått tilnamnet Elbflorenz, eller «Firenze ved Elbe». Nyare nemningar er «den tyske Silicon Valley», på grunn av den sterke satsinga på teknologiforsking.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dresden sett fra sørast
Foto: Stefan Kühn

Dresden ligg på begge sider av elva Elbe, midt i delen av Elbedalen som vert kalla Elbtalkessel, der elva går i ein vid dalsenkning. Sør- og austfrå strekkjer utløparar av Erzgebirge og Elbsandsteingebirge seg ned mot byen. Sentrum ligg på 113 m.o.h., medan høgaste punkt er Triebenberg på 384 moh. Etter byutvidingar på 1990-talet er Dresden vorte ein storkommune der berre Berlin, Hamburg og Köln har større areal.

Elbe er eit dominerande landskapselement. Sørfrå renn sideelvane Weißeritz og Lockwitzbach gjennom byen, og nordfrå renn Prießnitz i utkanten av Dresdner Heide.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Etter byutvidingane er Dresden ein av dei grønaste byene i Europa, der enger, parkar, jorde og skog dekker 63 % av arealet. På nordaustsida av byen utgjer Dresdner Heide eit stort, samanhengande skogområde. Byen har fire naturreservat på til saman 3,3 km² og tolv landskapsvernområd på 110 km², delvis overlappande med ni særskilde verneområde (Natura 2000-område) på til saman 18 km². Viktige natur- og friluftsområde er engene langs Elbe (Elbwiesen), som strekkjer seg på begge sider av elv i ei lengd på 30 km, berre avbrote av busetnadane i indre bykjerne.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Administrative bydelar i Dresden

Dresden er siden 1991 delt i ti Ortsamtsbereiche og ni Ortschaften. Dei første utgjer byen slik han var fram til 1990, medan dei siste er område som er vorte innlemma i byen seinare. Heile sentrum av Dresden ligg i bydelane Altstadt og Neustadt. Den gamle sentrumsbydelen rommar mesteparten av Dresden sine kjende bygningar. Mest kjend er rekka av praktbygg som ligg langs den vakre Brühlsche Terrasse ved breidda av Elbe. Gjenoppbygginga etter den andre verdskrigen er enno ikkje heilt fullført, og sentrum er stadig prega av restaureringsprosjekt. Dei omfattande arbeida byrja allereie medan byen låg bak Jernteppet. Det austtyske kommunistregimet gjenreiste enkelte av byen sine landemerke, men valde samtidig å erstatte store delar av byen med utypisk arkitektur. Dette er årsaka til at den tidlegare så vakre handlegata Prager Strasse i dag er prega av modernistiske betongbygg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til det det som seinare skulle verte Dresden var ein vestslavisk landsby som vart erobra av Henrik I på 900-talet. På 1200-talet bygde markgreven av Meissen ei borg ved fiskerlandsbyen skildra som Drezdzany ved Elbe, og i 1206 vart området nemnd som Dresdene. Byen og den festningsverka rundt marknadsplassen nedanfor borga voks raskt, og Dresden endra karakter frå fiskelandsby til kjøpstad. På 1200-talet vart Frauenkirche bygd og den første faste brua over Elbe.

kurfyrsten Fredrik den saktmodige døydde 1464, og Sachsen i 1485 vart delt mellom sønene hans Albert og Ernst, valde den Albertinske greina å flytte sin residens til Dresden, som først no fekk ei politisk rolle i historia. Ætten Wettin mista for nokre generasjonar kurfyrstetittelen, og først med Moritz av Sachsen vart Dresden i 1547 residensstad i kurfyrstedømet Sachsen.

I 1632 døydde halve folkesetnaden av pest, og i 1685 vart Altdresden øydelagd av brann, berre 23 av 357 hus klarte seg, og desse vert kalla Neustadt i 1732. Trass dette auka folketal frå 3 745 i 1396 til 21 298 i 1699.

Med kurfyrsten Fredrik August I av Sachsen («den sterke»), som òg var konge av Polen, får Dresden si stordomsstid. Riket hans var på denne tida det nest største i Europa, og Dresden var hovudstad i denne sachsisk-polske unionen. Busetnaden voks enno meir, og August den sterke gjorde Dresden til ein strålende barokkby ved hjelp av dei største arkitektane i Europa. Ein byrja å samanlikne Dresden med Wien, og byen vart kalla Elbflorenz (Firenze ved Elbe). Dresden vart òg ein viktig kulturby, og vidkjende kunstnarar som Canaletto (1720-1780) og Kuhl (1850-1915) har portrettert byen.

Etter kvart kom Sachsen sin nabo i nord, Preussen, til å utvikle seg til ein ekspansiv krigarstat, og i 1745 vart Sachsen erobra av Preussen i slaget ved Kesseldorf. Sachsen måtte betale ein million thaler i løysepengar, men vart snart åtaka på ny, og sjuårskrigen 1756-1763 fekk katastrofale følgjer der byen vart sterkt skada av prøyssiske og austerrikske styrkar.

Frå 1768 vart Sachsen regjert av kurfyrste Fredrik August II, som lét seg krone til konge av Sachsen, eit nytt kongerike som kom til å inngå i Rhinforbundet, med Dresden som hovudstad i 1806. Mellom 1809 og 1829 vart festningane i byen øydelagd på ordre frå Napoleon I, og Dresden vart en open by. Etter Frankrike sitt nederlag i 1813 vart Sachsen langt mindre viktig. På grunn av truskapen mot Napoleon vart kurfyrsten fengsla i Berlin. Han måtte avstå tre femtedelar av riket sitt til Preussen under Wienerkongressen i 1815, og Sachsen si politiske rolle i Tyskland var snart historie.

Zwinger i Dresden, rundt år 1900

På 1800-talet blømde kultur og industri i byen og i 1839 vart den første toglinja opna mellom Dresden og Leipzig. Samtidig med den veksande industrien (mellom anna sigarettindustri), haldt byen på profilen sin som eit tysk kultursentrum. I 1850 hadde Dresden 100 000 innbyggjarar, i 1875 var folkemengda dobla og i 1905 over ein halv million. Etter den tyske riksgrunnlegginga i 1871 gjennomgjekk Dresden omfattande utbyggingar: Semperoperaen vart bygd i 1878, Albertinum i 1887, politihovudkvarteret i 1899, brua Blaue Wunder i 1893, kunstakademiet i 1895, hovudbanegarden i 1898, parlamentsbygningen i 1906 og det nye rådhuset i 1910.

13. november 1918 gjekk den siste kongen av Sachsen, Fredrik August III av, og Dresden vart hovudstad i fristaten Sachsen. Denne fridomen kom til å vare i femten år, fram til alle tyske statar mista sjølvstende sitt til den nasjonalsosialistiske regjeringa.

Bombinga av Dresden[endre | endre wikiteksten]

På slutten av den andre verdskrigen gjennomgjekk Dresden den største katastrofen i si historie, ei hending som framleis vekker sterke kjensler og er særs omstridt: Natta mellom den 13. og 14. februar 1945 bomba om lag 2 500 britiske og amerikanske bombefly byen med 650 000 sprengbomber og 200 000 brannbomber. Titusevis av menneske mista livet då mesteparten av sentrum vart lagt i grus. Åtaka kom puljevis. 244 britiske Lancastere byrja det første åtaket klokka 22.15. Brannbombene starta straks ein eldstorm. Klokka 01.30 kom den andre pulja. Denne var dobbelt så stor som den første. I dagane etter, 14. og 15. februar, vart byen bomba i ytterlegare to omgangar av 521 amerikanske Boeing B-17 Flying Fortress bombefly. Dei allierte flya møtte ingen motstand over Dresden fordi byen mangla antiluftskyts.

Det som gjer bombinga så kontroversiell er at åtaket var retta mot dei sivile innbyggjarane. Dei allierte sin strategi baserte seg på tidlegare erfaring frå brannbombing av Hamburg. Overfor Dresden ville ein gjenta effekten, berre i større skala. Brannbombene som trefte Dresden starta straks eldstormar. Desse arta seg på den måten at temperaturen vart så høg at luft vart sogne inn i brannane og starta ein brennande pumpeverknad. Menneske vart fanga i dragsuget og dradd inn i flammane, dei som hadde søkt tilflukt i kjellarar og bomberom døydde av surstoffmangel. Det nøyaktige talet på omkomne vil ein truleg aldri kunne slå fast sikkert. Det som gjer utrekninga så vanskeleg er det store talet på flyktningar som fann seg i Dresden på dette tidspunktet. Desse hadde kome til byen frå tyske område lenger aust i håp om å redde seg frå den raude arméen som rykte stadig nærmare. Det var godt kjend i dette seine stadiet av krigen at Dresden enno var blant dei få tyske storbyane som var nærast var umerka av krigen, sidan plasseringa vart sett på som lite viktig. Derfor trudde ein at Dresden ville verte spart.

Sovjetiske styresmakter, som kort etter okkuperte byen, anslo at bombeåtaka hadde kosta 200 000 menneske livet. Sidan har talet på falne ved bombinga gitt grunnlag for mytar og spekulasjonar. Tyske styresmakter rapporterte om 18 375 falne, men ifølgje den amerikanske forfattaren William L. Shirer må talet ha vore på mellom 120 000 og 150 000. Ein historikarkommisjon som arbeidde med spørsmålet frå 2004-2010 dokumenterte 18 000 falne, men reknar med eit mørketal på 2 000 - 7 000 i tillegg til dette.[2] Som forsøk på å forsvare det allierte bombeåtaket, har det vorte hevda at Dresden sin industri under krigen var vorte omgjort til krigsindustri. Dessutan at Dresden var eit trafikknutepunkt som ville vore viktig for tysk troppeforflytting til austfronten. Jernbaneanlegga var då òg eit av hovudmåla for operasjonen som påverka dødstala sidan området innehaldt mengder med flyktningar frå Schlesien. Spørsmålet om kvifor dei allierte ikkje bomba byen tidlegare i krigen visst det var slik at det berre var fordi han var militærstrategisk viktig er ikkje klart.

Bombinga gjorde at eit område på 15 kvadratkilometer i den indre byen vart jamna med jorda, mellom anna 14 000 heimar, 72 skular, 22 sjukehus, 19 kyrkjer, 5 teater, 50 bank- og forsikringsbygningar, 31 forretningar, 31 storhotell og 62 administrasjonsbygningar.

Den aldrande forfattaren Gerhart Hauptmann som kalla Dresden «min ungdoms morgonstjerne» skreiv etter katastrofen som han sjølve hadde opplevd: «Den som har gløymd korleis ein gret, lærte seg det igjen under øydelegginga av Dresden». Den amerikanske forfattaren Kurt Vonnegut var i byen under bombinga. Hans augnevitneskildring i romanen Slaktehus 5 skildrar åtaket som eit absurd døme på menneska sin vondskap mot kvarandre.

Dresden

Britiske styresmakter har sett opp ein statue i London av mannen som var ansvarleg for den allierte bombinga av Dresden, Arthur Travers Harris, sjefen for det britiske Bomber Command. Tyske styresmakter har protestert mot dette, og òg på heimebane har det vakt protestar. Statuen er vorte tilgrisa så mange gonger at han må ha politivakt.

I ettertid har dei britiske handlingane vorte forklart med å «statuere eit eksempel» for den raude arméen om kva dei vest-allierte sine luftstyrker var istand til, akkurat som dei amerikanske atombombene i Japan. Dette var fordi dei vest-allierte allereie byrja å førebu seg på den kalde krigen.

Ironisk nok var det dåverande britiske kongehuset ei grein av slekta Wettin, Sachsen sitt kongehus, og Dresden var heimbyen til den britiske kongen si slekt.

Allereie i 1945 byrja arbeidet med å rydde opp, og i 1946 vart planane for den første gjenoppbygginga presentert. Mange av dei historiske bygningane er vorte restaurert. Våren 2004 stod Frauenkirche ferdig. Ein engelsk bombepilot som hadde vore med på åtaket, hadde saman med son sin laga den nye krossen på toppen av kuppelen.

I 2006 vart det laga ein film om bombinga av Dresden

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dresden
  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Dresden frå Wikivoyage

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.statistik.sachsen.de/21/02_02/02_02_05v_tabelle.asp
  2. Dag og Tid 26. mars 2010: Sjur Haga Bringeland: «Det vanskelege temaet», jf. òg Dresden.de: Historikerkommission