Dressjakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Enkeltspent dressjakke med tre knappar.

Dressjakke er ei kort jakke som kan brukast som del av ein dress eller saman med andre klede. Han er typisk rekna som eit mannsplagg, men kan også brukast av kvinner. Opphavleg var denne jakketypen laga for kvardagsbruk, men han er sidan blitt rekna som eit meir formelt plagg.

Teikning av ein fransk dandy med dress på 1870-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dressjakka har opphav i europeiske militæruniformar.[1] Jakka var opphavleg eit arbeidsplagg som kom på mote i samband med den franske revolusjonen. Han var populær blant sjømenn (sjå skipperjakke eller losjakke), og blei vanleg som idretts- eller fritidsplagg på 1800-talet.[2] Medan lengre frakkar var vanlege i dette hundreåret, blei korte dressjakker brukt ved uformelle høve frå 1860-åra.[3] Ein kan framleis finna teikn etter dette i moderne britiske tweedjakker, som framleis har splitt bak (slik at ein kan ri i dei) og skråstilte lommer med klaff (til ha ammunisjon i).[4]

Dressen med jakke og bukse i same stoff blei brukt som fritidsplagg på 1860-talet, og på 1870-talet blei dress med jakke og bukse i storruta stoff eit moteplagg som mange møtte med stor skepsis. På 1890-talet var den korte dressjakka framleis ikkje heilt akseptert. Den franske avisa Figaro skildra brukarane som usle og moralsk forderva: Syklistar, skulegutar, godseigarar og varietégvitjarar. Den lange frakken slike meiningsberarar meinte menn skulle bera i staden - kjend som bonjour eller diplomatfrakk - var likevel i ferd med å gå ut av bruk.[5] Han blei brukt ved stadig meir formelle høve inntil han blei erstatta av snippkjole og smoking.

Dressjakka fekk derimot eit stadig vidare bruksområde. Han blei rekna som meir og meir formell - ofte som del av ein dress, som blådress eller smoking, men også saman med umake bukser. Dressen blei ein slags uniform innan mange kontoryrke. Dressjakker blei også tekne i bruk av kvinner til drakter med skjørt og bukser i liknande yrke. Ei dressjakke eller blazer brukt med umake bukser til blir rekna som mindre formelt enn ein heil dress i ein type stoff.[6]

Knapping[endre | endre wikiteksten]

Enkeltspent og dobbeltspent jakke.

Det finst to hovudtypar knapping for dressjakke: enkeltspent og dobbeltspent. Enkeltspente jakker er vanlegast, og har éi rad knappar på ei side. Dobbeltspente jakker har knapperader på begge sidene.

Enkeltspente dressjakker har gjerne to eller tre knappar. Av desse kan ein ofte la vera å knappa den nedste knappen. For jakker med tre knappar kan ein også la vera å knappa den øvste - om han sit i jakkeslaget er han ikkje meint å knappast. Skikken med å ikkje knappa den nedste knappen blir sagt å stamma frå kong Edvard VII av Storbritannia, ein tidleg dressbrukar som lét vera å knappa denne og spreidde moten. No for tida er dressjakker gjerne skorne for at den nedste knappen skal bli verande uknappa.

Dobbeltspente jakker kan ha fire eller seks knappar. Her kan ein som regel berre knappa ein eller to, medan resten er dekorasjon.

Lengst ute på ermet sit ei rad knappar, som oftast tre eller fire. Desse er som regel også for dekorasjon, og kan typisk ikkje knappast opp. Skreddarsydde jakker kan lagast med fungerande knappar, og då kan ein la nedste knappen vera open for å markera dette.

Slag[endre | endre wikiteksten]

Jakkeslaget er den delen av dressjakka som sit nedanfor kragen og er bretta ut på brystet. Det kan ha ulike utformingar - runda, spissa eller med hakk (notch). Runda slag er vanlegast på enkeltspente jakker, som også kan ha spissa slag. Dobbeltspente jakker har som regel spissa slag. På smokingjakker finst ein annan type slag, sjalslag. På sjalslaget er kragen og slaget heilt sydd ihop.

Breidden på slaget varierer med moten, og heng ofte ihop med slipsmoten. Om smale slips er på mote, er ofte slaget smalt også.

På slaget sit ofte eit knappehol. Det skil seg frå vanlege knappehol ved å vera rett sydd, medan vanlege knappehol er runda i eine enden. Dette er fordi knappeholet som regel ikkje er laga for å knappast. Det finst likevel nokre typar engelske jaktjakker som ar ein knapp på baksida av høgre slag som kan knappast med knappholet i slaget. Dobeltspente jakker har knappehol på begge slag, medan enkeltspente jakker har knappehol på venstre side. I knappeholet på slaget er det mogleg å plassera ein blome eller ein svært liten oppsats (boutonnière). Nokre dressjakker har to knappehol med det eine over det andre, slik at ein blomestilk kan sitja fast mellom dei. Det nedste knappeholet held nederdelen av stilken på plass.

Lommer[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste dressjakker har tre lommer: ei brystlomme og to sidelommer. På mange jakker er lommene berre dekorative, og er ikkje laga for å ha ting oppi. I brystlomma kan ein ha eit dekorativt lommetørkle av lin, bomull eller silke. Sidelommene har ofte klaff, men det finst også modellar utan klaff. Nokre jakker har også ei fjerde lomme, billettlomma, som er plassert på høgre side like over sidelomma. Denne er noko mindre enn sidelomma.

Splitt[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste dressjakker har ein eller to splittar bak, men det finst også typar utan splitt. Splitt var opphavleg viktig for å kunne ri i jakka, men gjer også at jakka sit betre mot ryggen til vanleg, særleg om ein har hendene i lommene.

Materiale og konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Half-canvas

Typisk stoff for dressjakker er ull, som finst i ulike kvalitetar, men det blir også brukt andre stoff som bomull, lin, silke og fløyel. [7] I Storbritannia er tweed eit vanleg stoff. Dressjakker laga for å brukast utan ei særskild dressbukse er ofte lettare skorne og er gjerne i eit grovare tøy enn dressjakker som er del av ein dress.

Mellom ytterstoffet og foret blir det gjerne lagt inn stive stofflag som gjer at jakka held forma. Tradisjonelt var dette stoffet laga av hestehår og ull og sydd fast. I nyare tid er det blitt vanlegare å lima mellomforet fast til ytterstoffet (fused). Dette er lettare å laga, men kan gjera dressjakka stiv og meir kortliva. Ein mellomting mellom dei metodane er såkalla half-canvas, der den øvste delen ved brystet og slaget er sydd og resten er limt.[8][9][10] Skuldrene på dressen kan vera lett polstra eller ha skulderputer.[11]

Foret kan vera silke eller kunststoff som acetyl, viskose eller polyester.[12][13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dressen – den moderne manns rustning». enkeltspen. 28.02.2016. 
  2. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 15, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1933, s. 194. 
  3. «klesdrakt» i Store norske leksikon, snl.no.
  4. «Tweedjakke». Enkeltspent. 13.12.2016. 
  5. Modelejon och andra herrar, Inga Wintzell i Fataburen 1988
  6. The Ultimate Guide to Business Casual Outfits for Men, BLACKLAPEL.COM, 27. februar 2015 
  7. «STOFFTYPER». Christiania Skreddersøm. Henta 10. januar 2018. 
  8. «Suiting 101: An Introduction to Suit Jacket Construction», The Compass, 21. february 2013 
  9. «The Art of Manliness Suit School: Part I – Fused vs. Canvassed Suits», The Art of Manliness, 25. november 2017 
  10. , Christiania Skreddersøm http://www.christianiaskredder.no/katalog/blazere  Text "title\FORSKJELL PÅ HALF CANVAS OG FULL CANVAS" ignored (hjelp); Missing or empty |title= (hjelp)
  11. Sverre Norberg-Schulz Hagen (12.05.2015). «Dressguide for menn: Dette må du vite når du skal kjøpe dress». MinMote.no. 
  12. Veselka Petrova (17. juni 2016), The lining of a men's suit jacket - one intimacy, Be Global Fashion Network 
  13. «How to Choose a Lining for Your Bespoke Suit», Bespoke Suit Tips (King & Allen), 7. juli 2017