Dressurkøyring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dressurkøyring er ei grein innan hestesport. I dressurkøyring skal ekvipasjen syne fram eit dressurprogram med voltar, temposkifte, holdt, rygging med meir. Banen i dressurkøyring er på 40x80 meter. Det vert konkurrert på fleire nivå alt etter graden av samling og kor vanskeleg programmet er. Poengskalaen går frå 1 til 10, der 10 er best og 5 er godkjend. Det vert lagt vekt på rørslene til hesten, harmoni, at hesten er smidig og ikkje tung i rørslene og at hesten søkjer framover. Det vert også lagt vekt på at ryttaren er dyktig og har stil og presisjon. Heilskap og stil hos ekvipasjen vert også vurdert. Ekvipasjen med høgast poengsum vinn klassa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]