Drevja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drevjedalen sett frå Drevjamoen
Drevja kyrkje

Drevja eller Drevjo er ein dal og ei elv i Vefsn kommune i Nordland.

Drevja var i tida 1927-1962 ein eigen kommune (kommunenr. 1823). Utanom denne tidbolken har Drevja høyrd til Vefsn kommune.

Drevja er òg eit sokn i Vefsn prestegjeld. Drevja kyrkje vart bygd i 1883.

Namnet «Drevja» kjem av norrønt draf (f.), som tyder 'drav', 'blaut masse'.

Dalen strekkjer seg frå Drevjebukta til Drevvatnet, mellom fjella Toven i vest og Hellfjellet og Blåfjellet i aust.

Drevjamoen ekserserplass ligg i Øvre Drevja. Lenger ned i Drevja ligg Granmoen med Granmoen bustadfelt og barnehage og skole for 1. til 10. klassetrinn.

Noregs eldste ski er funnen i Drevja. Karbondateringar har synt at skia er frå mellom år 3340 og 2940 f. Kr.

Elva Drevjo er verna i samla plan for vassdrag. På 1970-talet vart elva er infisert av lakseparasitten Gyrodactilus salaris, og laksetrappa ved Forsmoen vart stengd. Etter behandling med rotenon i 2011 og 2012 vart gyrosmitten utrydda, og i 2017 vart elva friskmeld.[1]

Literatur[endre | endre wikiteksten]

  • Vefsn bygdebok særbind VIIa 2006, Gardshistorie for Vefsn (red. Espen Andresen)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Mattilsynet friskmelder ni elver (28.9.2017)