Drevja kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drevja kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Indre Helgeland
Sokn Drevja
Fellesråd Vefsn
Type Langkyrkje
Teknikk Lafta
Material Tre
Innvigd 28. september 1883
Kyrkjegard Nilsskog kyrkjegard ved kyrkja og Almåsen kyrkjegard, vigsla 1866
Sitjeplassar ca. 200
Kart
Drevja kyrkje
65°58′57″N 13°15′54″E / 65.9826°N 13.2651°E / 65.9826; 13.2651
Wikimedia Commons: Drevja kirke

Drevja kyrkje er ei kyrkje bygd på Nilsskogen i Drevja sokn i Vefsn kommune. Kyrkja er ei langkyrkje, lafta i tømmer i 1883.

Kyrkja vart vigsla 18. fredagen etter trinitas 1883 som ei hjelpekyrkje eller annekskyrkje i Vefsn sokn. Ved kongeleg resolusjon 25. februar 1927 vart Vefsn sokn delt i 3 sokn, Vefsn, Drevja og Grane, med grenser fastsett 30. desember 1926 i Vefsn heradsstyre.

Orgelet i Drevja kyrkje er bygd av P. A. Albrechtsen i 1846, og vart flytta frå Dolstad kyrkje til Drevja i 1920. Orgelet vart restaurert i 2000. Kyrkja har sitjeplass til om lag 200 menneske. I 2014 vart inngangspartiet til kyrkja ombygd, i samsvar med dei opphavlege teikningane, og kyrkja vart elles noko restaurert.

Soknet deler sokneprest med Elsfjord sokn. Til Drevja kyrkje ligg Drevja kyrkjegard. Drevja sokn har også ein kyrkjegard på Almåsen.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja har ein dåpsengel laga av kunstnaren Andreas Nilsskog.[1] Nilsskog var fødd og oppvaksen like ved kyrkjestaden. I 1973 reiste Drevjalaget eit minnesmerke over han ved vegen like overfor kyrkja.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Drevja kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren