Drevjavassdraget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Drevjavassdraget er eit vassdrag i Vefsn kommune i Nordland fylke. Vassdraget renn ut i Drevjebukta i Vefsnfjorden . Hovudelva har namnet Drevja eller Drevjo, i samsvar med lokal uttale. Ho renn frå Drevvatnet på grensa mellom Drevja og Elsfjord. Elvenamnet kan ha samanheng med ord for blaut masse, røre.

Viktige sideelver er Kaldåga, som er utbygd med Kaldåga kraftverk, og Komra, som renn forbi Drevjamoen.

Drevjavassdraget med eit nedbørsområde på 177 km² vart varig verna i Verneplan I for vassdrag, som vart vedtatt av Stortinget i 1973. I Stortingsproposisjon nr 4 (1972-73) heiter det om Drevjavassdraget: «Kontaktutvalget har foreslått vassdraget varig vernet under henvisning til at de kjente utbyggingsinteresser er ubetydelige, mens verneinteressene er vesentlige.» Ved utløpet ligg eit verdifullt våtmarksområde med Drevjaleira naturreservat.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]