Dreyers Forlag A/S

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dreyers Forlag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dreyers Forlag A/S, ofte berre kalla Dreyer, var eit tidlegare norsk forlag.

Forlaget starta som ei trykkeriverksemd i Stavanger i 1847, men forlagsdelen av verksemda vart kjøpt opp av Barthold A. Butenschøn i 1942 og etablert som forlag då, med Butenscøn som direktør og diktaren Alf Larsen som hovudkonsulent. Seinare overtok forfattaren Aasmund Brynildsen konsulentjobben. Forlaget utgav mykje omsett essayistikk (mellom anna i serien Dreyers kulturbibliotek), men også norsk og omsett skjønnlitteratur.

Forfattarskapen til Georges Simenon; Maigret-bøkene, var i mange år ei viktig inntektskjelde.

Dreyer vart slått saman med Grøndahl & Søn Forlag A/S i 1991 under namnet Grøndahl og Dreyers Forlag A/S, med J.W. Cappelens Forlag som eigar. I 1999 vart Grøndahl og Dreyers Forlag oppløyst, og det gjekk inn i Cappelens Forlag.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.