Drikkekar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Drikkebeger)

Drikkekar er mindre kjerald ein kan buka til å drikka frå. Drikkekar kan vera av mange ulike materiale og utformingar, avhengig av kulturen dei kjem frå, føremålet med dei og ulike drikkeskikkar.[1]

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste menneska kan ein gå ut frå drakk frå handa, men etterkvart laga dei truleg drikkekar av forgjengeleg materiale som blad, tre og plantehylster, som graskar og kokosnøtter. Dyremateriale som skjel og lêr blei også nytta. I bronsealderen var drikkehorn vanlege, og er særleg kjende i bruk blant germanske stammar.[2]

Drikkekar av glas var i bruk frå romartida.[3] Tynt, gjennomskinleg porselen blei teke i bruk i Kina på 600- eller 700-talet.[1] Elles var andre former for keramikk (steingods, fajanse) og metall (gull, sølv, tinn, blikk) vanlegast fram til moderne tid. På 1900-talet tok ein i bruk plast og papp til å laga drikkekar.

Form[endre | endre wikiteksten]

Ein vesentleg skilnad mellom ulike drikkekar er om dei har hankar eller ikkje. Glas, beger og kalkar er ofte hankelause, medan koppar, krus og staup som regel har hankar. Botnen kan vera flat eller meir runda, eller drikkekara kan vera opphøga på ein stett eller fleire føter.

Mange drikkekar er utan lok, medan andre kan vera lukka og lettare kan transporterast. Flasker som felflasker, lommelerker og vassflasker og ein del krus og koppar er døme på drikkekar med lok.

Ein del drikkekar kan ha finurleg utforming, som tvillingbollar, der to drikkekar er sett saman til eitt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til vatn har ein historisk utvikla drikkekar til andre drikkar, som alkohl. I Sumer og Det gamle Egypt var øl og vin ubteidd. Frå Hellas i antikken kjenner ein ulike vinbeger som kylix, fhiale, skyphos og kantharos.[4] I dag finst det mange ulike drikkeglas for vin, som raudvinsglas, sjampanjeglas, sherryglas og så vidare. Ein spesiell variant av vinglaset er rømer, med tjukk, dekorert stett, som blei utvikla i Rhinområdet på 1400-talet.

Allereie frå romartida fanst eigne drikkekar for øl, av leire, glas eller sølv.[5] I moderne tid finst det ei rekkje ulike typar ølglas for ulike typar øl, som tynne, høge glas for kveiteøl. I tillegg til glas kan ein bruka krus og og seidlar.

Til andre drikkar finst det også eigne glas, som whiskyglas, martiniglas eller cocktailglas.

Til varme drikkar treng ein drikkekar ein kan bruka utan å brenna seg. Til te blei det til dømes utvikla tekoppar i Kina. Etter at varme drikkar som te, kaffi og kakao blei innført til Europa på 1500-talet blei det utvikla nye drikkekar til dei. Tradisjonelle drikkekar av metall passa ikkje til dei varme drikkane, ettersom kondiktiviteten gjorde at ein kunne brennga fingrar og munn. Derfor byrja ein importera porselen frå Kina og etterkvar å laga eigne europeiske te- og kaffikoppar.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein del drikkekar særmerker seg ved å ha særskilde bruksområde eller ei symbolsk tyding. Altarkalk er eit døme på eit drikkekar med religiøs tyding i kristne gudstenester. Pokal er eit kar som blir brukt til premiering, og sjeldan til å drikka frå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gjerdi, Trond (29. januar 2019). «drikkekar». Store norske leksikon. 
  2. Fritz Kämpfer (1977). Becher Humpen Pokale. Zürich: Stauffacher-Verlag. s. 48. ISBN 3-287-00084-5. 
  3. Fritz Kämpfer (1977). Becher Humpen Pokale. Zürich: Stauffacher-Verlag. s. 33. ISBN 3-287-00084-5. 
  4. Schank- und Trinkgefäße aus vier Jahrtausenden. Stadt Paderborn. 1996. s. 8. 
  5. Schank- und Trinkgefäße aus vier Jahrtausenden. Stadt Paderborn. 1996. s. 10. 

  • Denne artikkelen bygger på «Trinkgefäß» frå Wikipedia på tysk, den 1. august 2019.
    • Wikipedia på tysk oppgav desse kjeldene:
      • Fritz Kämpfer: Becher Humpen Pokale. Stauffacher-Verlag, Zürich 1977, ISBN 3-287-00084-5
      • Keramikmuseum Westerwald, Uwe Chr. Finke (Bearb.): Drinck mich aus und schenck mich ein: Trinkgefässe aus fünf Jahrtausenden. Rastal, Höhr-Grenzhausen 1991, ISBN 3-921548-47-0
      • Stadt Paderborn (Hrsg.): Schank- und Trinkgefäße aus vier Jahrtausenden. Paderborn 1996.