Altarkalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Drikkebegeret kalk)
Altarkalk av sølv frå Os kyrkje i Rakkestad i Østfold. Han er ustempla, men kan ha vore laga av gullsmeden Lorentz Hoffmann i Fredrikshald i 1730-åra.[1] Kalken er no på Norsk Folkemuseum (NF.1918-0072). Høgd 18 cm.
Mange kjelder fortel om bruk av altarkalkar av tre i norsk kyrkjer.[2] Denne er truleg frå 1700-talet og kjem frå Torpo kyrkje i Ål i Hallingdal. Han er nå på Norsk Folkemuseum (NF.1908-0083).

Altarkalk eller alterkalk er eit liturgisk drikkekar brukt til å dela ut nattverdsvin. Ordet «kalk» kjem frå norrønt kal(e)kr som igjen kjem frå latin calix med opphav i gresk κάλιξ kálix, 'beger; pokal'.

Altarkalkar har form som eit stort beger på stett. I katolsk tid før reformasjonen var det berre presten som drakk vin av kalken under nattverden på vegner av kyrkjelyden. Då var kalken mindre enn det som er vanleg i dag. Etter reformasjonen i 1537 skulle alle som deltok i nattverde drikka vin av kalken, og mange eldre kalkar har nok då fått påsett ein større cupa.[a] Tidlegare drakk nattverdsgjestane rett frå kalken, men som eit ledd i kampen mot den smittsomme sjukdommen tuberkulose kom det i 1914 ein kongeleg resolusjon som gav løyve til å bruke særkalker.[3] Etter dette blei mange altarkalkar omgjort slik at dei fekk ein liten hellekant eller eit nebb for å gjera det enklare å hella vinen frå den store felles kalken og over i særkalkane.

Oldkristeleg og mellomaldersk litteratur fortel at altarkalkar ikkje bere var laga av sølv og gull. Kalkar av glas og tre var ofte brukt. Det kom også kalkar av horn, messing eller kopar, men det er helst kalkar av edelt metall som er bevart.[4] I dag er altarkalkar som oftast laga av sølv, men moderne altarkalker kan også vera laga av keramikk.

I soknebod, når presten blir bodsend for å gje nattverden til ein sjuk eller døyande person, blir det brukt ein mindre kalk kalla sognebodskalk.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Cupa er ei latinsk nemning for drikkekar eller beger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Christie (1959) s. 36
  2. Gjærder (1975) s. 109
  3. Grefstad (1994) s. 26.
  4. Gjærder (1975) s. 108.
Litteratur
  • Christie, Sigrid og Håkon (1959): Norges kirker. Østfold. Bind 2. Oslo.
  • Gjærder, Per (1975): Norsk drikkekar av tre. Bergen – Oslo – Tromsø.
  • Grefstad, Ola (1994): Alterkalken i Hallaren kirke på Frøya. (Artikkel i : Årbok for Fosen 1994, s. 25-32.)
  • Kielland, Thor (1927): Norsk guldsmedkunst i middelalderen. Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]