Drikkebrikke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drikkebrikker av sandstein

Drikkebrikke eller ølmatte er eit underlag ein kan bruka til å setja drikkeglas og koppar på. Slike brikker kan verna overflata til eit bord eller anna overflate mot væske eller varme frå drikkeilåtet. Ein kan også plassera brikker som lok oppå ein drikk for å syna at ein ikkje er ferdig eller for å hindra at noko fell oppi han, som insekt.

Pubar har ofte ølmatter lagt ut til kundar. Desse er typisk laga av papir, og kan absorbera kondens som drypp ned frå glaset. Slike ølmatter er ofte påtrykte namn på ølmerke eller ulike typar reklame.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vinflaskebrikke av sølv

Tidlege drikkebrikker blei laga for karaflar eller vinflasker, og gjorde at ein kunne senda flasker rundt middagsbordet etter at tenerane hadde trekt seg tilbake. Dei var i utbreidd bruk etter rundt 1760.[1] Slike tidlege brikker var forma som grunne fat eller tallerkar laga av materiale som tre, pappmasjé eller sølv.[2]

I 1880 blei dei fyrste ølbrikkene av papp innførte av det tyske trykkeriet Friedrich Horn.[3] I 1892 laga Robert Sputh frå Dresden den fyrste ølbrikka av tremasse.[4] Watney-bryggeriet innførte dei til Storbritannia i 1920 for å reklamera for sitt pale ale.[4]

Tefat har lenge hatt same bruksområdet i vestleg kultur som del av servise.

Drikkebrikker av kork
Drikkebrikke laga av bambus
Ei samling ølmatter som reklamerer for ulike typar øl

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cook, Peter (1988). The Antique Buyer's Handbook. McLaren Publishing. s. 97. ISBN 978-0947889258. 
  2. Wills, Geoffrey (2015). Guide to Antique Collecting. CreateSpace Independent Publishing Platform. ISBN 978-1515311386. 
  3. «Tough Times for the Humble Beer Mat». Spiegel Online. SPIEGELnet GmbH. 24. april 2009. Henta 26. mai 2009. 
  4. 4,0 4,1 Atkinson, Simon (26. mai 2009). «Last orders for beer mat maker?». BBC News. BBC. Henta 26. mai 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Drikkebrikke