Drikken mors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit glas mors

Mors (russisk skrift морс) er ein russisk fruktbasert leskedrikk[1][2][3] laga av bær, særleg av tytebær og tranebær, men tidvis også blåbær, jordbær, bringebær og tindved). Ein lager drikken ved å koka bæra saman med sukker, eller ved å blanda safta deira med sukkervatn.[1] Ein del moderne kommersielle typar bruker fermentert og filtrert saft blanda med sukkersirup og vatn. I staden for saft kan ein bruka fruktekstrakt saman med aromatiske essensar, organiske matsyrer, sukker, fargestoff og vatn.

Mors er ikkje alkoholhaldig, men blir brukt ein del i cocktailar, ofte saman med vodka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mors er først nemnd i verket Domostroj frå 1500-talet, som inneheld instruksjonar for korleis ein lagar drikken. Sannsynlegvis er han langt eldre enn dette verket.[4][5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «ЭСБЕ/Морс — Викитека». ru.wikisource.org. Henta 29. mai 2019. 
  2. Mors: Russian Fruit Drink
  3. «CranberryJuice». NMU Languages, Literatures and International Studies (på engelsk). Arkivert frå originalen 2019-05-29. Henta 29. mai 2019. 
  4. Richard Hellie. «6». The Economy and Material Culture of Russia, 1600-1725. s. 104. 
  5. A Chilled Russian Berry Drink – “Mors”