Drivis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Drivis ved Grønland.

Drivis er oppbrekt havis eller breis som driv i sjøen med vind og straum. Når drivisen vert driven i lag til ein stor masse, vert det kalla pakkis. Vind og straum kan stuve opp isen og danne ryggar på opp til tre-fire meters høgd, noko som kan vere vanskeleg for isbrytarar å penetrere. Slike haugar vert kalla iskoss.

Eit isflak er eit stort stykke drivis som kan vere frå titals meter til fleire kilometer i diameter. Store isflak vet òg kalla isfelt eller isflore.

Drivisgrensa i nord strekkjer seg frå Newfoundland, kring 40 ºN, til sørspissen av Grønland og vidare til Jan Mayen, og ligg nordaust i Atlanterhavet på kring 70-75 ºN. I sør ligg drivisgrensa i Atlanterhavet på kring 40 ºN og i Det indiske havet på 50–60 °S. Okhotskhavet ved nordkysten av Hokkaidō i Japan er det sørlegaste området på Den nordlege halvkula der ein kan sjå drivis frå polarstrøka.[1]

I mange område, som Austersjøen, vil ein òg ha drivis om vinteren, men denne smeltar når det vert varmare vêr.

Isbrytaren «Kontio» hjelper eit handelsfartøy i pakkisen nord i Austersjøen.
Satellittbilete av drivis i Nordishavet kring Wrangeløya.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]