Drivtare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drivtare på South Uist i Hebridane.

Drivtare er tare som vert kasta frå havet og opp på stranda, ofte i store haugar kalla tarevollar. Det er særleg med uvêra om hauten og vinteren at taren blir kasta opp på land. Vollane består hovudsakleg av opp til nokre meter lange, fleirårige stilkar av stortare (Laminaria hyperborea) og enkelte andre algeartar. Værling er drivtare som kjem inn på våren og sommaren, og som hovudsakleg består av dei eittårige «blada» til stortaren.

I Noreg opptrer dritaren langs heile kysten, men størt innsig finn ein på Lista, Jæren og i Møre. Tidlegare vart drivtang mykje nytta som gjødsel.

Som med annan tare og tareskogar, kan ein nytte drivtare til framstilling av alginat. Drivtaren og tangvollane har ein rik fauna av småkryp og innsekt som er næring for mellom anna strandfugl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«drivtare» i Store norske leksikon, snl.no.