Dronning Sonja KunstStall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dronning Sonja KunstStall
Dronning Sonja KunstStall, Parkveien, Oslo, Norway 2017-07-30 b.jpg
ArkitektHans Ditlev Franciscus von Linstow

Dronning Sonja KunstStall er i første rekkje ein visingsstad for kunst og gjenstandar frå Dei kongelege samlingane i Noreg. Kunststallen held til i dei restaurerte stallbygningane mot Parkveien bak Slottet i Oslo. Det vert vist skiftande utstillingar i Kunststallen, dei fleste, men ikkje alle, med utgangspunkt i Eigne samlingane til slottet.

Lokala opna som «ein utstillingsarena for kunst og kultur» på dronning Sonjas 80-årsdag 4. juli 2017.[1]

Historia til bygningen[endre | endre wikiteksten]

De gamle stallene ligger i Dronningparken i den sørvestre del av Slottsparken, og vart teikna av slottsarkitekt Hans Linstow. Anlegget sto ferdig samtidig med Slottet i 1849, og hadde plass til 38 hester. Da kong Haakon og dronning Maud kom til Norge som landets nye kongepar i 1905, fikk stallene sin storhetstid. Dronning Maud var en god rytter og svært interessert i hestehald. Under hennar leing vart stallene utvida og bygget om mellom 1908 og 1911. Forbiletet var stallene ved Buckingham Palace, the Royal Mews.

Stallane var i bruk fram til 1940. Etter dette fungerte dei som lager og garasje, fram til beslutning om å byggja om delar av bygget til Dronning Sonja Kunststall og opna den for publikum. Både Slottet, parken og bygningane elles er ått av staten, men vert disponert av kongeparet.[2]


«Kunststallen» opna med ei jubileumutstilling av grafikk og ein fotoinstallasjon gjeve til kong Haralds og dronning Sonjas åttiårsdagar i 2017.
Foto: Juli 2017

Utstillinger[endre | endre wikiteksten]

  • Frå 4. juli 2017: Jubileumutstillinga Opningsutstillinga viste grafikk av 165 norske kunstnarar - ei gåve frå Norske Grafikere - og installasjonen "Dronning Mauds fotoalbum", som var gåva til regjeringa til kong Haralds og dronning Sonjas 80-årsjubileer i 2017.[3]
  • Frå 12. oktober 2017: Den kongelege stallen. Hestehold og ekvipasjar.[4]
  • Frå 14. mars 2018: Kjell Erik Killi-Olsen: Skulpturar
  • Frå 20. juni 2018: Tradisjon og inspirasjon. Norsk kulturarv i dei kongelege samlingane.[5]
  • Frå 20. september 2018: Tone Vigeland: Smykke og skulptur.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dronningas åpningstale 4. juli 2017.
  2. Aftenposten om planene for KunstStallen
  3. Kongehuset.no om åpninga av KunstStallen 2017
  4. «Ny utstilling i KunstStallen». www.kongehuset.no (norsk). Henta 26. januar 2018. 
  5. «Dronning Sonja KunstStall». www.kongehuset.no (norsk). Henta 11. juni 2018. 
  6. «Pressevisning: Tone Vigeland. Smykker og skulptur». www.kongehuset.no (norsk). Henta 20. september 2018. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkel bygger på nb:Dronning Sonja KunstStall frå Wikipedi på bokmål 21. september 2018