Dronninggambit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
Chess zhor 26.png
Chess zver 26.png
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Chess zver 26.png
Chess zhor 26.png
Diagram 1: Etter 1.d4 d5 2.c4

Dronninggambit er ei sjakkopning som blir definert av opningstrekka

  • 1.d4 d5 2.c4 (diagram 1).

Ei alternativ trekkrekkefølgje er 1.d4 d5 2.Sf3 Sf6 3.c4, som reduserer begge spelarar sine alternativ noko.

Opninga er ei av dei eldste av dei kjende opningane. Luis Ramirez Lucena skreiv om den allereie i 1497 og eit enda eldre manuskript som nemner den finst i Göttingen. Men opningstrekket 1.d4 var ikkje på moten, og dronninggambit blei ikkje spesielt populært før ei turnering i Wien i 1873. Den aukande populariteten skuldast at Steinitz og Tarrasch utvikla sjakkteorien, og at strategisk posisjonsspel blei kjent i aukande grad mot slutten av 1800-talet. Men deretter blei opninga svært populær dei neste tiåra, og i verdsmeisterskapsmatchen mellom Capablanca og Aleksandr Alekhin i 1927 blei denne opninga brukt i 32 av dei 34 partia.[1]

Etter kvart har dronninggambit mista ein del av populariteten, mest fordi fleire indiske forsvar har blitt populære: 1...Sf6 med ...d5 utsett eller heilt utelete. Dronninggambit blir framleis spela på alle nivå, spesielt av spelarar som vil oppnå ei solid stilling, og utgjer ein viktig del av mange stormeistrar sitt opningsrepertoar.

Dronninggambit høyrer til dei lukka spela og fører heller til strategisk prega enn til taktisk prega parti.

Idear[endre | endre wikiteksten]

Ved å spele 2.c4 går kvit straks til angrep på svart sin sentrumsbonde, for å byte ein flankebonde (den kvite c-bonden) med ein sentrumsbonde (svart sin d-bonde), og planlegg å spele 3.cxd5 følgt av 4.e4 med erobring av sentrum. Bonden på c4 kan slåast, difor namnet dronninggambit. Men sjølv om bonden på c4 kan slåast, er ikkje opninga eigenleg ein gambit, ettersom kvit med det lite spelte trekket 3.Da4+ med ein gong kan vinne bonden tilbake. Etter vanlegare trekk som 3.Sf3 eller 3.e4, kan svart prøve å halde på bonden, men det blir rekna som svært risikabelt.

Dronninggambit blir delt i to hovudkategoriar basert på svart sitt svar:

I mottatt dronninggambit spelar svart 2...dxc4, og gir mellombels opp sentrum til fordel for friare utvikling. I avslått dronninggambit forsvarar svart fotfestet sitt i sentrum på d5. Ofte vil svart bli ståande ein smule passivt, særleg på grunn av kvitfeltsløparen som er vanskeleg å aktivisere. Svart kjempar for utlikning ved å byte brikker og å frigjere stillinga si med bondeframstøyta ...c5 eller ...e5.

Hovudvariantar[endre | endre wikiteksten]

Etter 1.d4 d5 2.c4 er følgjande rekna som hovudvariantar:

Innanfor avslått dronninggambit skil ein ofte ut Tarrasch-varianten, som oppstår etter 3.Sf3 c5 eller 3.Sc3 c5 som ein sjølvstendig variant, ettersom den ofte fører til stillingar av ein annan karakter enn dei andre variantane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. VM i sjakk 1927 hos chessgames.com, vitja 10. september 2011